Hopp til innhold
Trafikkulykke ved Liadal i Ørsta
Foto: NRK/kart

Trafikkulykke i Liadal i Ørsta

  • Sendt til sjukehus for sjekk

    Dei totalt fem personane i dei to bilane som kolliderte ved Liadal i Ørsta har blitt frakta til Volda sjukehus for ein sjekk, melder operasjonsleiar i politiet, Per Åge Ferstad. Det er ingenting som tyder på at dei skal ha fått alvorlege skader. Bergingsbil er på staden og arbeider med å taue vekk bilane. Politiet opprettar sak og vil etter kvart få ei forklaring frå dei involverte.

    Trafikkulykke ved Liadal i Ørsta
    Foto: Sissel Brunstad / NRK
  • Ukjent omfang på personskade

    Trafikkulykka i Liadal i Ørsta skal ha skjedd like under Liadalsnipa. Ein bil skal ha køyrt i ein tilhengar og deretter treft ein bil i motgåande køyrefelt. Det skal vere snakk om personskade, men omfanget er framleis ukjent, seier operasjonsleiar i politiet, Per Åge Ferstad. Trafikken skal flyte forbi på staden.

    Trafikkulykke ved Liadal i Ørsta
    Foto: Charlotte Ervik / NRK
  • Trafikkulykke i Ørsta

    Nødetatene rykker ut etter melding om en trafikkulykke i Liadal i Ørsta kommune. Ifølge innringer skal en bil ha kjørt i en tilhenger, sier operasjonsleder i politiet, Per Åge Ferstad. Ambulansen er på stedet.

    Trafikkulykke ved Liadal i Ørsta