Hopp til innhold

Sendt til sjukehus for sjekk

Dei totalt fem personane i dei to bilane som kolliderte ved Liadal i Ørsta har blitt frakta til Volda sjukehus for ein sjekk, melder operasjonsleiar i politiet, Per Åge Ferstad. Det er ingenting som tyder på at dei skal ha fått alvorlege skader. Bergingsbil er på staden og arbeider med å taue vekk bilane. Politiet opprettar sak og vil etter kvart få ei forklaring frå dei involverte.

Trafikkulykke ved Liadal i Ørsta
Foto: Sissel Brunstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL