Hopp til innhold

Trafikkulukke i Årødalen

To personar er sendt til sjukehus i Molde etter ei trafikkulukke i Årødalen i dag tidleg.To personbilar kolliderte i krysset ved Tussentunnelen.

trafikkulukke årdølen

Det er ikkje kjent kor store skadar dei to har fått. Begge var førarar i bilane som kolliderte.

Ulukka skjedde på fylkesveg 64 ved Tussentunnelen. Ifølgje politiet skal den eine bilen ha vore på veg forbi krysset då den andre bilen har kome inn på vegen. Ein av bilane skal ha blitt slengt inn i ein lastebil etter samanstøyten.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Vegen var delvis stengt ein periode etter ulukka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL