Trafikk på Raumabanen igjen
Strekninga mellom Åndalsnes og Bjorli er open for togtrafikk igjen, ifølge Vy. Toga køyrer, men det kan framleis bli forseinkingar og innstillingar. I år blei det opna for at tog kan køyre trass i raudt farenivå, ved at politiet godkjenner kvar avgang.