Hopp til innhold

To sunnmøringar i Målungdomsstyret

Sunnmøringane Synnøve Marie Sætre og Kristofer Olai Ravn Stavseng er valde inn i styret i Norsk Målungdom for det komande året.

Synnøve Marie Sætre og Kristofer Olai Ravn Stavseng

Synnøve Marie Sætre er vald til skrivar i Norsk Målungdom. Kristofer Olai Rav Stavseng frå Stordal held fram som nestleiar.

Foto: Norsk Målungdom

– Det blir mykje å setje seg inn i, seier Synnøve Marie Sætre. Ørstingen vart vald som skrivar i Norsk Målungdom då organisasjonen hadde landsmøte i helga.

Bak stillingstittelen ligg det ein jobb som i andre organisasjonar kunne blitt kalla «dagleg leiar».

Legg mastergrad på vent

– Eg skal ta alt av kontorarbeid, oppfølging av medlemsregister og den daglege drifta på kontoret, seier den nyvalde skrivaren.

Ho har tidlegare studert ved lektorutdanninga på Universitetet i Oslo, men må no legge mastergraden på vent medan ho jobbar for målsaka.

Med seg på laget får ho Kristofer Olai Ravn Stavseng frå Stordal. For to år sidan vart han vald inn i sentralstyret i Målungdomen, og for eitt år sidan vart han nestleiar i organisasjonen. Denne jobben fekk han fornya tillit i denne helga.

– Nynorsken er eit språk som er tufta på verdiar eg kjenner meg att i, seier sunnmøringen, som ved sidan av organisasjonsarbeidet er lærarassistent på ein skule i hovudstaden.

Vil diskutere ny språklov

– Mykje av dette handlar om demokrati, sidan nynorsk er eit språk basert på dialektar frå heile landet, seier nestleiaren.

No blir det viktig for han å kjempe for at språka i Noreg skal stå sterkare i samfunnet. Mellom anna vedtok landsmøtet at dei vil jobbe for at skiltinga i Noreg ikkje berre skjer på bokmål.

– Eg vil gjerne at me skal vere med i ordskiftet rundt den nye språklova som er varsla, seier Stavseng, som meiner også dei samiske språka og andre minoritetsspråk må løftast fram.

Vil sikre rettane

Sætre meiner også det er mange saker som er viktige å kjempe for. Etter ein oppvekst i Ørsta og Volda, der nynorsken ikkje var problematisk, har ho møtt fleire utfordringar når ho kom til hovudstaden.

– Der er det mellom anna mange eksamensoppgåver som ikkje er på nynorsk. Ein får ikkje alt det ein har rett på, fortel ho.

- Eg vil jobbe for at det skal bli betre, seier den nyvalde skrivaren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL