Tre personar var involverte i ulykka, som skjedde om lag klokka 18.30 fredag kveld.
To kvinner var fastklemde før dei vart frigjorde, melder politiet, som natt til laurdag stadfestar at ei av dei omkom.
Flogne til Ålesund
Dei to skadde blei flogne til sjukehuset i Ålesund.
– Begge er kritisk skadde. Vi veit ikkje meir enn det. Luftambulansen har akkurat landa ved ulykkesstaden, opplyser operasjonsleiar i politiet, Arild Reite, til NRK klokka 18.58.
Like etter klokka eitt natt til laurdag melder politiet at ei av dei to kvinnene omkom av skadane ho fekk i ulykka.
Den tredje personen skal ha blitt tatt hand om av ambulansepersonell på staden.
Lange køar
Politiet melde tidleg at Europaveg 136 kom til å bli stengt ei god stund.
NRK sin fotograf på staden sa klokka 19.35 at det blir jobba med å rydde opp på ulykkesstaden.
Det var tydeleg at det er snakk om ein kraftig frontkollisjon.
Klokka 20.00 vart det opplyst at trafikken framleis står bom fast. Det var svært lang kø på begge sider av ulykkesstaden, som ligg i sentrum av Innfjorden.
Vegen er open igjen
Fartsgrensa på staden var 60 kilometer i timen.
Klokka 20.15 melde Vegvesenet at det vart opna for trafikk i sørgåande retning.
Nokre minutt seinare opplyste NRK sin fotograf på staden at trafikken går i full fart igjen i begge retningar.
Innfjorden er ei lita bygd med om lag 300 innbyggjarar som ligg i Rauma kommune i Romsdal.