Hopp til innhold

To fengsla vidare i narkotikasak

Møre og Romsdal tingrett har forlenga varetektsfengslinga for to menn som er sikta for grove narkotikalovbrot.

Dei to var blant fleire som blei arresterte etter at det blei avdekt ein stor hasjplantasje i Ørsta i slutten av januar.

Totalt er det seks sikta i saka. Dei er sikta for grove narkotikalovbrot, med ei strafferamme på inntil 10 år.

Den eine av mennene har delvis erkjent straffskuld, medan den andre ikkje erkjenner straffskuld for det han er sikta for.

Retten har mellom anna vektlagt at dei to er utalandske statsborgarar og at det er ei fare for at dei kan forlate landet om dei blir slept fri.

Det to blir fengsla i åtte nye veker.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL