Hopp til innhold

Trua med å drepe sin eigen son om kona ikkje kom tilbake

Ein sunnmørsmann i slutten av 20-åra er tiltalt for gjentatt vald og truslar mot si eiga kone. Han skal også ha trua med å drepe deira felles son.

Sunnmøre tingrett

Ein mann frå Sunnmøre er tiltalt for vald og truslar mot si eiga kone og ein annan mann. Mannen skal også ha trua med å drepe sin eigen son.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det er statsadvokaten i Møre og Romsdal som har tatt ut ein tiltale mot ein mann busett på Sunnmøre.

Mannen skal ved fleire anledningar ha vore valdeleg og trua si eiga kone. Han er også tiltalt for grove truslar mot ein annan mann.

Vald og drapstruslar

Det var våren 2016 at mannen i slutten av 20-åra skal ha slått kona si gjentatte gonger både med knytt og flat hand. Han skal ha slått ho i hovudet og brystet, og hindra henne i å forlate deira felles leilegheit. Ifølgje tiltalen skal mannen også ha trua kona med kniv for å få henne til å innrømme at ho hadde vore utru mot han. Då dette skjedde skal han også ha bunde fast hendene og munnen hennar slik at ho ikkje greidde å rope etter hjelp.

Eit par dagar seinare skal mannen igjen ha slått kona si i ansiktet med knytt hand. Ifølgje tiltalen skal han også ha trua med å drepe henne. Han skal også ha heldt handa over munnen til kvinna slik at ho ikkje klarte å rope om hjelp, og forsøkte å låse døra slik at ho ikkje kunne forlate leilegheita deira.

Den same dagen skal han også ha trua med å drepe deira felles son dersom ho ikkje kom tilbake til han.

Trua med kniv

Mannen som er busett på Sunnmøre er også tiltalt for grove truslar mot ein annan mann. Ifølgje tiltalen skal mannen i slutten av 20-åra ha trua mannen med kniv. Han skal blant anna ha tatt knivbladet mot halsen hans og fortalt korleis han skulle skjære i den.

Då mannen prøvde å rømme skal den tiltalte ha tatt tak i foten hans og dratt han ned ei skråning. Han skal også ha slått mannen i ansiktet med knytt neve.

Seinare den same kveld skal han også ha sagt at han hadde fleire knivar heime og at mannen burde passe seg. Ifølgje tiltalen var denne trusselen meint for å framkalla alvorleg frykt.

Eit par dagar seinare trua den tiltalte med å drepe mannen. Han fortalde også mannen at han skulle drepe sin eigen son.

Statsadvokaten meiner at desse truslane var meint for å framkalla alvorleg frykt.

Saka skal opp i Sunnmøre tingrett den komande veka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL