Hopp til innhold

Tiltalt for seksuelle handlingar mot barn

Ein mann i 30-åra er tiltalt for seksuelle handlingar mot to jenter under 16 år.

Ålesund politistasjon

Saka mot mannen i 30-åra skal opp i Sunnmøre tingrett i august.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det er statsadvokaten i Møre og Romsdal som har tatt ut ein tiltale mot ein mann busett ein annan stad i landet.

30-åringen er tiltalt for seksuelle handlingar mot barn under 16 år. Desse skal ha skjedd på Sunnmøre.

Over ei lengre tid

Det er i perioden hausten 2013 til sommaren 2015 at mannen ved fleire anledningar skal ha gjennomført seksuelle handlingar mot to tenåringsjenter på Sunnmøre.

Ifølgje tiltalen skal han ved fleire anledningar ha tatt på dei to jentene sine bryst, rumper og lår utanpå kleda deira. Dei to jentene skal ifølgje tiltalen ha vore i starten av tenåra då dette starta.

I tiltalen frå Sunnmøre tingrett blir det lagt særleg vekt på at handlinga skjedde over ei lang tid og at det var utnytting av eit nært tillitsforhold.

Saka skal opp i Sunnmøre tingrett i august.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL