Dei tilsette ved Fjord Spekemat i Stranda jublar over at finansieringa no er på plass.
Ny investor
I går ettermiddag vart det kjent at spekematprodusenten har gjort avtale med ein ny investor som sikrar framtida. Prosjektleiar Bjørn Ringstad vil ikkje seie kven investoren er, men stadfestar at det er lagt på bordet om lag ein million kroner.
Dei 25 tilsette tok over drifta då SPIS-kjeda la ned verksemda ved nyttår. No vonar dei at det om kort tid kan vere nok arbeid til dei alle. Dei tilsette har sjølve skote inn vel 300 000 kroner i bedrifta. Også Sparebanken Møre og Innovasjon Norge er med i prosjektet.