Hopp til innhold

Tillitsvald: – Eg har min fulle tillit til at leiinga finn ei løysing

I dag vart det kjent at arbeidet med å redde eit av dei største reiarlaga i landet rykker tilbake til start. Hovudtillitsvald Kim Lekva Velve stolar på at leiinga klarer snuoperasjonen.

Farstadbåter i opplag

Flere av Farstad Shipping sine båtar ligg i opplag. Reiarlaget har frist ut månaden for å finne ei løysing på den økonomiske situasjonen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Avtalen mellom Farstad Shipping og Siem Oil Service Invest med ein verdi på ein milliard kroner har gått i i vasken. Ikkje alle kreditorane gjekk med på avtalen og dermed må ein legge ein ny plan for korleis økonomien til Ålesundsselskapet skal reddast. No har Farstad frist ut månaden med å finne ei løysing med dei store kreditorane. Reiarlaget har 1725 tilsette og har snart 2 milliardar i gjeld.

Kim Lekva Velve

Hovudtillitsvald i Farstad Shipping, Kim Lekva Velve, har full tillit til at leiinga finn ei løysing på den økonomiske situasjonen.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Oppseiingar og permitteringar

Hovudtillitsvald Kim Lekva Velve er sikker på at det kjem ei løysing for selskapet.

– Dei tilsette er nervøse for arbeidsplassane. Vi har vore gjennom permitteringar i to år, oppseiingar og ein snuoperasjon. Vi ser fram til at det blir meir stabilt i bransjen og at oljeprisane snur, seier Velve.

Han meiner at selskapet er best tent med å vere åleine og har full tillit til at leiinga klarer få i hamn ein avtale.

– Eg har full tillit til leiinga og at vi held fram med å vere Farstad Shipping, som vi er kjent for gjennom lange tider, seier Velve.

Trur forhandlingane fører fram

Karl-Johan Bakken i Farstad Shipping

Karl-Johan Bakken har trua på at forhandlingane med kreditorane skal føre til ein avtale alle kan vere samde om.

Foto: Frode Berg / NRK

Karl Johan Bakken seier at dei jobbar no med ei løysing saman med kreditorane for Farstad Shipping åleine.

– Grunnlaget for at Farstad skal drive vidare som eit sjølvstendig selskap, ligg inne i ei refinanseringsordning som vi forhandlar med kreditorane om. Det er god grunn til å tru at forhandlingane fører fram til semje, seier Bakken.

Bakken trur at situasjonen i marknaden kjem til å bli endå verre framover enn i 2016.

– For vår del ser vi marknadssituasjonen i 2017 som utfordrande. Og det er like stor uvisse om kor tid det blir betring, som før, seier Bakken. Sjølv trur han det kan bli betre inn mot 2018.