Hopp til innhold

Vurderte å løyse ut bebuarane under Mannen

Fylkesmannen har diskutert å kjøpe ut dei 11 innbyggarane under Veslemannen. Men det var ikkje felles interesse for å gå vidare med dette no.

Mannen 29.10 med snø på toppen

FARE: Rasfaren er ein stor trussel for husa under den bratte fjellsida i Romsdalen.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Det er fem hus under fjellet Mannen i Romsdalen. Sidan NVE starta overvaking av det mest ustabile partiet, Veslemannen, i 2014, har dei som bur der vore evakuerte 11 gongar. Dette er ei stor belastning, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil no prøve å finne meir permanente løysingar.

– Storsamfunnet må ta ansvar

Fungerende fylkesmann Rigmor Brøste

BEREDSKAPSPLAN: Til no har Veslemannen vore ein del av beredskapsplanen for det store skredet som er venta frå Mannen, og som potensielt kan demme opp heile Romsdalen, men no skal fylkesmann Rigmor Brøste lage ein eigen beredskapsplan for det mindre partiet Veslemannen.

Foto: Roar Halten / NRK

Fylkesmannen har til no sett av 8 millionar kroner til formålet. Dette er meint som ein startkapital for å finne ei permanent ordning for dei som stadig må flytte frå husa sine. Samtidig er dei i gang med å lage ein eigen beredskapsplan for Veslemannen. No er det berre det store skredet frå Mannen som har ein slik plan.

På møtet i går kveld var vi innom temaet å å løyse ut eigedommane, men det var inga samla enighet i å gå videre på dette no, seier fylkesmann Rigmor Brøste.

Difor ser dei no på andre alternativ. Ho er opptatt av å lytte til dei som bur der.

– Vi har sett av pengar for å vere føre var. Tanken er at storsamfunnet må ta ansvar for påkjenninga dei har. Kva den endelege løysinga blir, veit vi ikkje, og eg vil difor ikkje gå inn på dette, men det blir fleire møter om saka, seier ho.

– Kan det vere snakk om permanente evakueringsbustader?

– Ja, det er eit av alternativa vi diskuterer.

Ordfører i Rauma, Lars Olav Hustad, ved Mannen på Horgheim

INGEN KOMMENTAR: Ordførar Lars Olav Hustad (H) i Rauma var på møtet i går saman med bebuarane og fylkesmannen. Han seier dei blei samde om at det er fylkesmannen som skal uttale seg i saka.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Rauma kommune og ordførar Lars Olav Hustad var også med på møtet i går kveld. Men verken han eller bebuarane vil kommentere forslaga nærare, fordi dei er blitt samde om at det er fylkesmannen som skal uttale seg.

Det einaste han vil seie er at han er glad for at det kjem på plass ein eigen beredskapsplan for Veslemannen.

Trur raset nærmar seg

Seksjonssjef Lars Harald Blikra i NVE har følgt Mannen-overvakinga sidan starten. Veslemannen har bevega seg heile tretten meter siste fem åra, og rørslene i fjellet var aller størst i fjor. Difor trur han at raset nærmar seg.

Lars Harald Blikra

HÅPER: Seksjonssjef Lars Harald Blikra i NVE håper Veslemannen snart har rasa frå seg.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Det kan i alle fall ikkje halde på sånn i det uendelege. Enten kjem raset snart, eller så stabiliserer fjellet seg igjen. Det er i alle fall ingen tvil om at det blir fleire evakueringar om vêret blir om lag som i fjor, seier han.

Han er usikker på om det å kjøpe ut folk er ei god løysing, men har forståing for at det blir verre og verre for kvart år som går for dei som må leve med rasfare og evakuering.

– Eg har stor forståing for at det er utfordrande å bu der. Det er viktig å få på plass gode løysingar. Men vi overvakar mange fjell i Noreg, og det er vanskeleg å sjå for seg at vi skal begynne med varig fråflytting av tusenvis av menneske, seier han.

HER kan du sjå kva fjell som blir overvaka av NVE.

NRK gjer merksam på at det i den første versjonen av artikkelen sto at fylkesmanen hadde gitt eit tilbod til bebuarane. Det riktige er at fylkesmannen ser på om dette kan vere ei mogleg løysing i framtida.

RAS: Det har rasa fleire små skred frå fjellet gjennom mange år, men det store skredet lar vente på seg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL