Hopp til innhold

Astrid dro tilbake til Utøya

– Eg var livredd for å få panikk i dag, men det skjedde ikkje, seier Astrid Eide Hoem. Ho overlevde Utøya og var i dag tilbake.

Astrid Willa Eide Hoem
Foto: Ken Alvin Jenssen

For fire veker sidan opplevde 16 år gamle Astrid Eide Hoem marerittet på Utøya. Fordi ho fekk gøymt seg i ei fjellsprekk, overlevde tenåringsjenta.

I dag var ho tilbake på øya og fekk sett staden ho gøymde seg på. Ho fekk også tent lys og lagt ned blomar der gode vener miste livet.

Redd for å få panikk

-Eg var veldig redd før eg drog ut. Redd for å få panikk, men det skjedde ikkje, fortel 16-åringen. Ho opplevde at det var veldig godt å kome tilbake på Utøya og sjå at der var heilt roleg. Ingen som skaut og ingen som vart drepne.

Pårørende og overlevende samlet seg på Utøya
Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

I dag var det dei overlevande og pårørande som var tilbake på Utøya. Ungdommane fekk ha med seg ein person kvar.

Tårer og allsang

-Den styrken vi har vist samen er ekstrem og ekstraordinær, seier Astrid Eide Hoem, som går 1. året på Atlanten videregående skole i Kristiansund. På Utøya i dag opplevde ho tårer, latter og allsang

Ho hadde meg seg mora si, Kitty Eide, som aldri har vore på Utøya før og har ikkje nokon tilknyting til staden frå før.

-Det var både godt og vondt å vere her , seier Kitty Eide.

Godt tilrettelagt

Ho er imponert over kor godt arrangementet i dag var tilrettelagt og kor godt logistikken fungerte. Det var venta at rundt 1000 personar ville ta turen til øya i dag.

-Eg hadde inntrykk av at dei som valde å dra til Utøya, følte at dei hadde tatt ei rett avgjerd, seier Eide. Astrid Eide Hoem følte i alle fall at mange brikker fall på plass i dag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL