NRK Meny
Normal

Tidlegare prest tapte sak mot staten

Ein prest som tidlegare blei sagt opp av Møre bispedøme har tapt saka han gjekk til mot staten.

Oslo Tingrett

Fleirtalet i Oslo tingrett meiner vilkåra for avskil er oppfylte.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Han ville få avskjeden erklært ugyldig, men tapte i Oslo tingrett, skriv smp.no.

Mannen fekk avskil i fjor etter å ha vore tilsett som prest sidan 2011. Han gjekk til søksmål etter at kulturdepartementet hadde stått fast på vedtaket i Møre bispedøme.

Ifølge avisa meiner fleirtalet i retten at den tidlegare presten har brote ned tillit som er nødvendig å ha som prest. Fleirtalet viser til at vedkomande i lang tid skal ha køyrt bil utan førarkort. Han skal og ha feilinformert arbeidgjevaren då han søkte på prestestillinga.

Vilkåra for avskil er oppfylte, konkluderer fleirtalet i Oslo tingrett.