Hopp til innhold

- Trur presten kjem tilbake i teneste

Advokaten til presten på Sunnmøre som nyleg blei frikjend for vald mot kona, trur presten kjem tilbake i teneste. Han beklagar at bispedømmerådet har suspendert han midlertidig.

Ålesund politistasjon

Sunnmøre tingrett frikjende nyleg presten som var tiltalt for vald mot kona. Advokaten hans seier det er trist at han likevel er midlertidig suspendert.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Saka vekte stor merksemd i lokalmiljøet då det blei kjent i påska i fjor at ein prest var varetektsfengsla, mistenkt for vald mot kona si. Fredag blei det kjent at tingretten frikjenner presten for vald mot kona. Advokat John. M. Hammervoll, som representerer den frikjende presten, trur sjansen er stor for at han kjem tilbake i teneste.

John Hammervoll

Advokat John Hammervoll seier presten har fått massiv støtte i heimkommunen.

Foto: Advokatfirmaet Hammervoll & Co DA

Vi ser for oss at han kjem tilbake som prest, men om det er noko ekstra utfordring i forhold til å halde fram i heimkommunen, veit vi ikkje, seier Hammervold til NRK Møre og Romsdal.

Les også:

Suspendert frå stillinga

Møre bispedømme har midlertidig suspendert presten, etter at han nyleg altså blei frikjend for vald mot kona. I ei pressemelding frå bispedømmerådet, som blei kjent måndag morgon, heiter det at saka handlar om fleire forhold knytt til teneste som prest, og at rådet treng tid for å vurdere kva dei skal gjere vidare.

– Dette er overraskande. Når vi veit frå retten at saka byggjer på falske anklagar, er det trist at ein likevel vel å suspendere han. På den andre sida er dette ei midlertidig avgjerd, og vi håper at det blir rett til slutt, seier Hammervold.

Han strekar under at han ikkje har lest vedtaket frå bispedømmerådet.

Dømd for bilkøyring

Sist veke starta saka mot presten i Sunnmøre tingrett, men i løpet av rettsaka kom det fram opplysningar som førte til at påtalemakta trekte tiltalen. Rettsaka mot presten, som det var knytt mykje merksemd til, kokte til slutt ned til ein påstand om køyring av bil utan førarkort. Dette blei han dømd for. Presten forklarte i retten at han miste førarkortet i 2004 på grunn av promillekøyring, men at han likevel køyrde bil i nærmiljøet fram til 2013.

– Fått massiv støtte

Advokaten til presten seier han har fått massiv støtte i nærmiljøet.

Han har fått massiv støtte i heimkommunen. Men han har ikkje snakka så mykje dei som måtte meine noko anna, heller, det er klart, seier Hammervoll.

Les også: