Hopp til innhold

Prest saksøkjer staten

Ein prest på Sunnmøre saksøker staten etter at Møre bispedømme sa han opp. Etter det Sunnmørsposten kjenner til har mannen mist førarkortet for promillekøyring, men han skal likevel ha sagt til arbeidsgjevar at han køyrde bil.

Ålesund politistasjon

Ein prest på Sunnmøre saksøkjer staten etter å ha bli sagt opp.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Presten blei også sikta for vald i nære relasjonar i april 2014, men blei frifunnen for dette i tingretten. Han ble derimot dømt for køyring utan gyldig førarkort, og fekk ei bot på 10.000 kroner.

Støttar vedtaket

Ingeborg Midttømme

TAUS BISKOP: Ingeborg Midttømme er biskop i Møre bispedømme

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I følgje Sunnmørsposten støttar Kulturdepartementet vedtaket som Møre bispedømme hadde fatta om avskjed for presten.

Biskopen vil ikkje kommentere

Biskop Ingeborg Midttømme i Møre bispedømme seier til Sunnmørsposten at ho ikkje ønskjer å kommentere saksbehandlinga, eller påstanden om at ho har ønskja presten bort frå stillinga.

Saka skal opp i Oslo tingrett 24. oktober i år.