For fire år sidan tok han 35 000 kroner som blei innbetalt til lensmannskontoret i ei namssak.
Pengane brukte han til å betale ned på eit personleg lån, og tingretten meiner det var eit grovt tillitsbrot.
Advokaten hans, Einar Drægebø, seier 58-åringen truleg ikkje ankar domen til lagmannsretten.
La korta på bordet
I retten la den tidlegare lensmannsførstebetjenten, som no er uføretrygda, alle korta på bordet.
Drægebø seier 58-åringen er glad for at saka no er avslutta.
Betalte ned lån
I rundt ti år hadda han ansvar for namssakene på lensmannskontoret, og det han no er dømt for, skjedde for fire år sidan.
Då mottak han 35 000 kroner frå ein mann i kommunen, som skulda eit firma pengar.
I staden for å gje pengane til dette firmaet, sette politimannen summen inn på sin eigen konto.
Pengane brukte han til å betale ned på eit personleg lån.
Tillitsbrot
Tingretten legg vekt på at betjenten braut tilliten politiet er avhengig av å ha.
Sjølv om underslaget skjedde fordi politimannen hadde økonomiske problem, meiner dommarane det ikkje kan orsake lovbrotet.
Det høyrer med til historia at pengane vart betalte tilbake etter tre månader, og at retten meiner det har gått lang tid å få saka opp for domstolen.