Hopp til innhold

Tidlegare statsråd kastar seg inn i kampen for omstridd behandling

C-vitaminkur ved behandling av pasientar med alvorleg blodforgifting er blitt eit stridstema ved norske sjukehus. Tidlegare Frp-statsråd, Jon Georg Dale, ber helseministeren ta tak i saka.

Spørretimen

SPØRSMÅL: Jon Georg Dale (Frp) stiller spørsmål til helseminister Bent Høie (H) om behandling av pasientar med sepsis.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Det starta med at TV 2 fortalde at overlegen Eivind Hustad Vinjevoll ved Volda sjukehus hadde innført C-vitaminkur som behandling mot alvorleg blodforgifting – sepsis.

Han meiner dette er ei billig behandling, utan biverknader, med lovande resultat.

Sepsis kan føre til at organa i kroppen sviktar, og er ei av dei mest vanlege dødsårsakene ved norske sjukehus.

Omstridd

Torstein Hole

Torstein Hole er fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Men effekten av C-vitaminkuren er omstridd, og ifølge TV 2 skreiv fagdirektør Torstein Hole på intranettet til Helse Møre og Romsdal 31. januar at det ikkje er aktuelt å innføre denne behandlinga systematisk ved sjukehusa i fylket, fordi effekten ikkje er bevist.

Han seier også til TV 2 at han meiner det er uetisk å innføre ei systematisk behandling som ikkje er godt nok dokumentert i ei stor pasientgruppe.

Fagdirektør Torstein Hole si vurdering av systematisk bruk av C-vitamin ved sepsis kan du lese her.

Men lege Eivind Hustad Vinjevoll seier til Møre-Nytt at han likevel får lov til å halde fram med å gjere individuelle vurderingar.

Eivind Hustad Vinjevoll, overlege ved Volda sjukehus

Eivind Hustad Vinjevoll

Foto: Arne Flatin/NRK

Det stadfestar Helse Møre og Romsdal. Dei tilrår heller ikkje C-vitaminbehandling til einskildpasientar, men opnar likevel for at legen kan vurdere dette.

– Behandlande lege har rett til å vurdere dette sjølvstendig utifrå ei samla vurdering, mellom anna risiko for C-vitaminmangel, skriv helseføretaket i ei pressemelding.

Reagerer

Volda sjukehus var eit av dei første sjukehusa i landet som tok i bruk C-vitamin ved behandling av alvorleg blodforgifting. Både Akershus universitetssjukehus og Førde sjukehus bruker denne behandlinga i dag, og vurderer forskinga på effekten annleis enn Helse Møre og Romsdal.

Volda Sjukehus

Volda sjukehus

Foto: Remi Sagen / NRK

Stortingsrepresentant for Frp, Jon Georg Dale, har i dag stilt spørsmål til tidlegare statsrådskollega Bent Høie (H) om saka. Han meiner det ikkje kan vere kva sjukehus du tilfeldigvis hamnar på som avgjer om du får denne behandlinga.

– Eg reagerte på at fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal kalla behandlinga uetisk. C-vitaminkuren er biverknadsfri og billeg, og då meiner eg det er viktig at legane som er nært pasienten får avgjere om det er rett behandling, seier han.

– Rask og god antibiotikabehandling avgjerande

Helse- og omsorgsdepartementet stiller seg i dag på same linje som det fagdirektøren i Helse Møre og Romsdal gjer. I ein e-post til NRK Møre og Romsdal legg statssekretær Anne Grethe Erlandsen vekt på at det i dag ikkje fins forsking som viser at behandling med C-vitamin har effekt.

Anne Grethe Erlandsen i Helse- og omsorgsdepartemente

Statssekretær Anne Grethe Erlandsen.

Foto: Regjeringen

– Vi har gode retningsliner for behandling av sepsis. Her er rask og korrekt behandling med antibiotika avgjerande. Det ligg per i dag ikkje føre robuste vitskaplege studiar som viser at tilleggsbehandling med C-vitamin har effekt. Denne behandlinga er derfor ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet på sjukehusa, skriv Erlandsen.

Ho opnar imidlertid for at behandlinga kan brukast ved norske sjukehus om dette er i samsvar med ei fagleg vurdering.

– Sjukehusa har høve til å gje pasientar tilbod om utprøvande behandling, som for eksempel tilleggsbehandling med C-vitamin ved septisk sjokk. Dette er ei fagleg vurdering som blir gjort av leiinga og fagmiljøet på det einskilde sjukehuset. Eg er kjend med at det får føre seg fleire vitskaplege studiar på dette området. Dersom desse studiane viser positive resultat, forventar eg at fagmiljøa vurderer desse grundig, og oppdaterer retningslinene slik at alvorleg sjuke pasientar kan få denne tilleggsbehandlinga, avsluttar statssekretæren.

Helse Møre og Romsdal presiserer i dag at legane framleis står fritt til å vurdere behovet for C-vitamin, sjølv om fagsjefen ikkje tilrår dette som systematisk kur mot sepsis. Dette meiner Dale er bra, men han vil framleis ha ei avklaring på spørsmålet frå helseministeren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL