Tidlegare MFK-spelar og trenar død

Torkild Brakstad er død, 75 år gamal. Det skriv Molde FK på sine nettsider. Brakstad fekk 3 A-landskampar for Noreg, og spelte 513 kampar for Molde frå 1962 til 1978. Han har òg vore trenar for Molde, Rosenborg og Tromsø.