Hopp til innhold

Tidenes tur-sommar kan skape store sår i terrenget

Det blir truleg ny besøksrekord i fjellheimen i sommar, når alle skal feriere i Noreg. Men turekspertar fryktar millionar av fjellstøvlar kan rasere landskapet.

Leirvågfjellet i Sula.

Det ligg an til ny rekord av nordmenn på fjellturar i sommar. Det populære Leirvågfjellet i Sula er allereie prega av stor trafikk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Fjellentusiastane har for lengst henta fram joggesko og fjellstøvlar og spurta ut på fjell og vidder for å nyte naturen. Denne sommaren får dei truleg selskap av hundre tusen vis av andre nordmenn som også vil prøve tursekkar, telt og hengekøyer.

Dag Terje Solvang

Generalsekretær Dag Terje Solvang ber folk som kjem til fjells i sommar om å rydde søppelet sitt, følgje dei merka stiane og halde god avstand til andre.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Ja, mest truleg vil vi oppleve besøksrekord mange stader, frå nordmenn, seier generalsekretær Dag Terje Solvang i Den Norske Turistforening.

Vil at folk skal velje andre turar

Men det er ikkje alle som er like glade som DNT for tilstrøyminga i fjellet. For mange stader er naturen slettes ikkje budd på eksplosjonen i turgåarar.

Ved fjellet Sukkertoppen i Ålesund var stien først om lag ein halv meter. Omfattande bruk har ført til at det no går ein fleire meter brei veg oppover fjellsida. Når det regnar, blir det gjørme.

Per Giskeødegård på veg til Sukkertoppen

Fjellmann Per Giskeødegård er forfærda over øydeleggingane i fjellet. Han ber folk om å velje andre turar til vegetasjonen har grodd til igjen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er positivt i utgangspunkt at mange brukar fjellet, men det burde vere veldig lett å finne alternativ i vårt område, seier turgåar og eldsjel Per Giskeødegård.

Ber kommunane brette opp ermane

På Ladestien i Trondheim viser Dagmar Hagen korleis stiane blir øydelagde når stadig fleire finn eigne og nye vegar i det populære turterrenget. Seniorforskaren hos Norsk institutt for naturforsking meiner kommunane ofte er for seine med å gjere noko. Ho meiner dei framleis har tid til å setje inn tiltak før årets tursesong eksploderer.

Dagmar Hagen

Seniorforskar Dagmar Hagen syns det er supert at folk går på tur, men ber kommunane gjere tiltak før skadane blir for store i naturen. Ho meiner det er langt enklare å førebygge enn å reparere.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Det er litt lurt å vere framoverlent, og kanskje litt i forkant for å unngå at desse skadane skjer. Då blir det både trivelegare å gå på tur, og mindre skade på vegetasjon og forstyrring på dyreliv, seier ho.

Les også:

Turgåarane har bedt kommunen om hjelp

Det var turgåarane sjølve som slo alarm ved fjellet Sukkertoppen i Ålesund. Det førte til at kommunen gjekk saman med frivillige i arbeidet for å lage ny sti og ny rute til det populære turmålet. På denne måten skal det bli plass både til syklistar, turistar og turgåarar.

Harald Otterstad

Harald Otterstad i Ålesund kommune har tru på at samarbeid med dei frivillige skal gjere det mogleg å rydde ny sti til det populære turmålet Sukkertoppen. Det kan gje mindre slitasje.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Slitasjen viser at ting aller helst burde vore gjort på eit tidlegare tidspunkt. No har vi sett i gang ein prosess, og håper å kome i gang så snart som råd. Dermed kan folk kome seg på tur, og vi får stoppe opp dei skadane som er i ferd med å skje på fjellet, seier Harald Otterstad, som er rådgjevar i Ålesund kommune.

Frivillige trår til

Og bildet er ikkje heilsvart. Det er mange dugnadsgjengar rundt om i landet som arbeider jamnt og trutt for å halde stiane intakt. På Godøyfjellet, like utanfor Ålesund, har lokalbefolkninga lagt store steinheller heilt til topps. Desse kan tåle mange, mange tråkk. På eit anna fjell like ved, Emblemsfjellet, bytta ungdomsskuleelevar i fjor sommar ut matematikken med legging av trebruer slik at folk kan gå tørskodde.

Blindheim ungdomsskole

Rektor Harald Eidsaa ved Blindheim ungdomsskole i Ålesund var lei av sløve elevar ved årets skuleslutt. I fjor sommar sende han dei til fjells istaden.

Foto: Remi Sagen / NRK

Tinnemyra på Notodden i Telemark er eit anna døme. Her har dugnadsfolk i årevis sørga for å lage tursti med bruer og badestrand for byens befolkning.

Gler seg til tidenes tursommar

Barnevernspedagogen Monica Berget (42) i Ålesund var sjeleglad for å kunne gå ut av huset og inn i naturen då korona-pandemien lukka samfunnet i mars. No gler den friluftsglade familien seg til sommaren i Noreg.

– Det beste som kan skje, er at vi får eit fantastisk turver og kan vere mykje ute med sjø, fjord og fjell, og på prikke inn nokre nye toppturar, seier Viggo Berget Gundersen.

– I fjor var vi på Galdhøpiggen, i år må vi finne eit anna bra fjell, i nord eller sør, seier ho.

Familien Berget Gundersen på Leirvågfjellet i Sula.

Familien Berget Gundersen frå Ålesund gler seg til det som ligg framfor. Frå venstre Teo Berget Gundersen, Monica Berget, Sofie Berget Gundersen og Viggo Berget Gundersen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK