Hopp til innhold

Dei legg stein for å hindre slitasje i fjellet

Den aukande interessa for friluftsliv skapar stor problem for turstiane. No trengs det fleire dugnadshender for å reparere.

Dugnad på Godøyfjellet

TURSTI: Arne Tunheim og Jan Ove Skodje er to av dei frivillige i turistgruppa til Godøy IL som engasjerer seg for å hindre at turstiane blir øydelagde.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

I strålande solskin er Marianne Dyb Valkve på veg ned frå ein av sine nesten daglege turar på Godøyfjellet på Giske. Ho har gått her i mange år, og har sett at stien forandrar seg.

Talet på folk som går her har auka mykje siste åra.

Marianne Dyb Valkve

Marianne Dyb Valkve elskar å gå på fjellet, men ser at når mange gjer som ho så blir stiane meir og meir øydelagde.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Det gjer at stiane blir breiare og breiare. Folk lager stadig nye stiar for å unngå å trakke i gjørme. Det er bra at nokon tar grep, seier ho.

Litt lenger ned i stien står det to sekkar med stein. Friluftsgruppa i Godøy idrettslag har flydd opp 26 tonn med stein som er plassert rundt om på fjellet. Pengane til å gjere dette har andre på øya hatt dugnad for å få inn.

– No må vi bli einige om korleis vi skal leggje desse for at det skal bli best mogleg, seier Jan Ove Skodje.

Sukkertoppen

Stiane blir breiare og breiare. Når det har vore regn blir dette mykje gjørme. Her frå stien opp til Sukkertoppen i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Mykje blir gjort på Dugnad

På ein 3.5 kilometer lang sti som går langs foten av fjellet trivest fire av dei ivrigaste dugnadskarane aller best. På turstien som friluftsgruppa til Godøy Idrettslag har gjort kan dei gå og preike om nye prosjekt dei er i gang med.

Frivillige på Godøya

Åsmund Eilertsen, Arne Tunheim, Hans Petter Godø og Jan Ove Skodje er fire av dei ivrigaste på dugnad på Godøya.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Eg skada meg litt då eg heldt på å leggje utover stein opp i her. Så trur ikkje eg skal bli med opp på fjellet i dag, seier Åsmund Eilertsen. Men han har nok å styre med også ved foten av fjellet.

Bru-prosjekt på Godøya

Her kjem det snart både troll og bukkar. Det skal bli ei oppleving på stien langs foten av fjellet.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– På denne brua skal det snart komme både troll og bukkane bruse seier han, og viser eit av sine nyaste prosjekt.

Litt lenger nede har han bygd ein huk der store og små kan kose seg.

Huk til friluftsliv på Godøya

Denne huken har blitt eit populært stoppestad for store og små. Friluftsliv skal vere kjekt for dei minste, seier Åsmund Eilertsen.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Det å sjå lyset i auga til barn som er glade er nok det som motiverer meg aller mest, seier han.

God tilrettelegging for at folk skal bruke fjella har dei og sett har sin pris. 15 000 skreiv seg inn i bøkene på Godøyfjellet i 2016, men det er det er det slettes ikkje alle som gjer. Så talet på kor mange som går på fjellet her er det ingen som veit.

– Vi har i alle fall sett at stiane no er i ferd med å bli så øydelagde oppe på fjellet at noko må gjerast. Inngrepet i naturen er større om vi ikkje gjer det, seier Hans Petter Godø.

Nødvendig med tiltak

Blide damer på tur på Godøyfjellet

Frå venstre. Anniken Ramsøyvik, Hege Lillerovde, Elisabeth Hovland og Anne Hovland på veg ned frå Storhornet på Godøya.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det er ikkje berre på Godøya at det er nødvendig med tiltak. Damene frå Hessa i Ålesund som er på veg ned frå Godøyfjellet seier det er enda verre på fjellet Sukkertoppen nær der dei bur.

– Ja, der burde i alle fall noko bli gjort, seier Anne Hovland.

– Men det er viktig å ikkje leggje til rette for mykje. Kvar tur må ha sitt særpreg, og det skal vere litt krevjande å gå somme plassar. Det er det som gjer det spennande, seier ho.

Ser mykje slitasje

Stikk UT prosjektet til Sunnmøre friluftsråd har fått mange fleire ut på tur, og mange samlar poeng på ulike fjell gjennom prosjektet.

May Britt Haukås

May Britt Haukås vil at friluftslivet skal blomstre, men ser at mange stiar blir slitne av mykje folk.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Leiar May Britt Haukås er glad for suksessen, men ser at dei mest brukte og mest bynære stiane har blitt veldig slitne.

– Eg er veldig imponert over den dugnaden på Godøya, og skulle gjerne sett at fleire blir inspirert av den, seier ho.

– Vi tilretteleggjar for friluftsliv, men utan frivillige så hadde det vore smått stell.

Sekker med stein på Godøyfjellet

Slikke sekker med stein er plassert rundt mange plassar på Godøyfjellet.

Foto: NRK More & Romsdal / NRK