Hopp til innhold

Slik skal populær natur takle fleire folk

Fjellvandring er den forma for turisme som veks raskast. Mange arbeider no med å legge til rette så norsk natur ikkje tar unødig skade av auka aktivitet.

Preikestolen

POPULÆR: Det er folksamt på Preikestolen i Rogaland, og stadig fleire turistar vil på tur i ferien.

Foto: Paul Kleiven / NPK

Mange turistar vil røre på seg i ferien. Helst ute i naturen. Trend-undersøkinga til Adventure Travel Trade Assosiation for 2018 viser at fjellvandring er det som aukar mest blant turistaktivitetar i verda.

Frieri på Trolltunga, Stacey og Minh

VEKST: Trolltunga i Hordaland marknadsfører nærast seg sjølv gjennom sosiale medium, og har opplevd ein eksplosiv vekst i besøkande.

Foto: Privat

Samarbeid

Seniorrådgjevar for naturbasert reiseliv i Innovasjon Norge, Haaken Christensen, seier dei dermed forventar at det vil bli stadig fleire som kjem til Noreg for å gå på tur.

Haaken Christensen i Innovasjon Norge

Haaken Christensen i Innovasjon Norge.

Foto: Privat

– Folk reiser gjerne til Norge for å oppleve natur, og dei vil oppleve naturen gjennom å vere i aktivitet. Norske fjell er veldig attraktive, så vi ventar auka vekst, og førebur oss på det, seier han.

Christensen seier at dei forsøker å marknadsføre norsk natur på ein måte som ikkje gjer skade.

– Vi forsøker å formidle at ein kan ha fine naturopplevingar, som både tek vare på naturopplevinga og naturressursen. Det betyr at ein ikkje skal øydelegge det ein kjem for å oppleve.

Sherpa-sti til Hallingskarvet

HALLINGSKARVET: Mange stader i Noreg, som her til Hallingskarvet i Buskerud, har sherpaer frå Nepal bygd trapper for å forsterke stiane.

Foto: Anders Wam Bjerkeseth / NRK

Men nokre stader er det meir trafikk enn naturen kan tole. For å unngå det, og legge godt til rette, er samarbeid viktig, meiner Haaken Christensen.

– Her er det eit veldig flott samarbeid allereie. Vi jobbar tett saman med heile norsk reiseliv, miljødirektoratet og fylkeskommunane og frivillige organisasjonar, seier han.

Røtter Sukkertoppen

NEDSLITE: Turstien til den bynære Sukkertoppen i Ålesund er nedsliten etter mange år med aukande bruk. Kommunen og frivillige diskuterer no korleis dei kan legge betre til rette for folk og natur.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Nasjonale turiststiar

Mange av dei mest populære turmåla er utsett for stor slitasje, og Miljødirektoratet deler i år ut 11,5 millionar til tiltak på 16 av dei mest populære turstiane i landet.

11

FÅR STØTTE: Romsdalseggen er ein av turane som får støtte frå Miljødirektoratet i år. Dei får 1 million kroner til oppgradering av stien, tilrettelegging og søppelhandtering.

Foto: Øystein Tveiten

I år skal også direktoratet kåre den første av turstiane som skal få status som Nasjonal turiststi. Målet med autorisasjonsordninga er mellom anna å bidra til å ta vare på naturen, samtidig som folk får gode og trygge opplevingar.

– Dei stiane som skal få status som nasjonal turiststi må oppfylle eit sett kriterium, der besøksforvaltning mellom anna er sentralt. Det må også vere ein stor del internasjonale gjester der. Vi håper å kunne autorisere nokre allereie i år, og til slutt skal det bli opptil 15 slike stiar i Noreg, fortel Marie Selboskar Lier som er seniorrådgjevar i Miljødirektoratet.

Ho peikar på at breidt samarbeid, samt langsiktig og heilskapleg planlegging er vesentleg for turstiprosjektet.

Miljødirektoratet har også nyleg publisert ei handbok for ferdsel i verneområde.

Dagmar Hagen, seniorforskar i NINA

Dagmar Hagen er seniorforskar i NINA.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Råda frå boka kan også brukast for dei som treng råd utanom verneområda. Seniorforskar Dagmar Hagen i Norsk institutt for naturforsking har leia arbeidet med handboka. Ho forstår godt at folk vil på tur, og meiner det ikkje er noko problem om ein har ein god strategi.

– Det er mykje betre både for naturen og folk sine opplevingar å vere føre var, og legge ein god plan, i staden for å drive med brannsløkking når skaden alt har skjedd, seier ho.

Dronningruta

DRONNINGRUTA: Denne turen i Øksnes i Nordland er ein av stiane som får støtte i år.

Foto: Halvard Kristian Toften

Samarbeid

Den Norske Turistforening har lang erfaring i stilegging. Anne Mari Planke er leiar for naturforvaltningsavdelinga i DNT, og ho seier dei merkar godt at fleire vil til fjells.

Anne Mari Planke, fagsjef for friluftsliv i DNT

Anne Mari Planke er leiar for naturforvaltningsavdelinga i DNT.

Foto: Julie Maske / DNT

– Vi merkar det kanskje mest i nærområda der folk bur. Der går lokalbefolkninga på tur, og det er ofte dei same områda turistane går, seier ho.

Turistforeningen meiner det er viktig å få folk ut på tur, og at det dermed er umogleg å unngå at det blir litt slitasje.

– Men det som er viktig er å ønske alle velkomne ut, og så legge til rette slik at slitasjen blir minst mogleg. Og det er etter den linja vi har jobba i 150 år, seier ho.

To terrengsyklist på en sti i tåkete vær.

MYKJE BRUKT: Deltakarar i Ultra-Birken på DNT-merka sti.

Foto: Geir Olsen/Birken

Planke meiner kommunar, turistforeiningar, friluftsråd og andre aktørar må samarbeide for å få til eit god samspel mellom folk og natur.

– Det er veldig viktig å jobbe planmessig, og at alle blir involverte. Ein må også vere samde om kva område ein vil legge mykje til rette i, og kvar ein vil legge mindre til rette, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL