Hopp til innhold

Populære turstiar blir til store sår i terrenget

Mange populære turmål i Noreg har så stor trafikk at det blir stygge sår i terrenget, men det finst håp for å redde naturen.

Nedtrakka sti Sukkertoppen

SUKKERTOPPEN: Der det før var ei smal rås, er det no blitt mange, breie og djupe stiar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sukkertoppen i Ålesund er eit av turområda som ber preg av flittig bruk. Stiane et seg inn i fjellsida. Djupare og breiare for kvart år som går. Fjellet toler ikkje alle som vil til topps. I lokalsamfunnet etterlyser dei no ein plan for å hindre at fjellsida blir heilt øydelagt.

Røtter Sukkertoppen

SJÅ BILDA: Slik ser stien til Sukkertoppen i Ålesund ut etter fleire år med stor trafikk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Slik ser stien til Sukkertoppen i Ålesund ut etter fleire år med stor trafikk.

– Noreg må ta betre vare på naturen sin

Sukkertoppen ligg nært Ålesund sentrum, og fjellet er populært både for turistar og folk som bur der. Det nygifte paret Marcy Fischer og Ben Groth frå Pennsylvania i USA har valt å bruke ein dag av bryllaupsreisa si på å gå opp til toppen, 314 meter over havet. Dei er overraska over forholda.

– Vi har gjort grundig research, og det var ikkje slik vi såg for oss at stien skulle vere. Eg meiner det er farleg å gå her. Det er så glatt og gjørmete, seier Marcy Fisher.

Ektemannen er samd.

– Det er vel blant anna vi og alle dei andre turistane som har skulda. Det er trist å sjå kor nedtrakka her er. Eg meiner Noreg må ta betre vare på naturen sin, seier Ben Groth.

Marcy Fischer og Ben Groth på Sukkertoppen

GJØRME: Marcy Fischer og Ben Groth på veg ned frå Sukkertoppen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ei anna som er på tur same dag, er Eli Aasen Monsås. Ho bur under fjellet, og bruker det ofte som trimtur.

– Det er mykje folk her. Det blir berre meir og meir turistar. Det merkar eg spesielt no om sommaren. Fjellet er nedtrakka. Spesielt frå midten og ned, er det nesten berre røter, og det er gjørmete her når det er regn. Det er også ofte parkeringskaos ved foten av fjellet, der skulen vår ligg.

Monsås meiner det bør gjerast noko med fjellet, og at det er kommunen som må ta ansvar.

– Det er vanskeleg for ein privatperson å starte eit slikt prosjekt. Dei får det til andre stader, så det burde vere mogleg at kommunen sette i gang med sherpasti, eller liknande tiltak her også, seier ho.

Eli Aasen Monsås

ETTERLYSER TILTAK: Eli Aasen Monsås meiner kommunen må ta tak for å hindre meir slitasje på Sukkertoppen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kjend problemstilling

Eksempelet frå sunnmørsbyen er ikkje unikt. Mange plassar i landet finst det turområde som er så mykje brukt at naturen tar skade av det.

Nokre har vore kjente turistikon gjennom mange år, som til dømes Besseggen, andre stader eksploderer bruken brått og kanskje litt uventa, fordi det er eit perfekt motiv for Instagram, som til dømes på #trolltunga ved Odda.

Utfordringa er å forutsjå at det kjem til å kome mykje folk ein stad – før det er for seint å sette inn tiltak.

– Folk vil jo ikkje møte ei nedtrakka fjellside full av søppel. Det er mykje betre både for naturen og folk sine opplevingar å vere føre var, og legge ein god plan, i staden for å drive med brannsløkking når skaden alt har skjedd, seier seniorforskar Dagmar Hagen i Norsk institutt for naturforsking.

Dagmar Hagen, seniorforskar i NINA

Dagmar Hagen er seniorforskar i NINA. Ho forstår godt at folk vil på tur i fjellheimen, men at det er viktig å legge til rette for at ferdselen kan skje utan å lage for djupe sår i naturen.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Ho har leia arbeidet med ei handbok for ferdsel i verneområde på oppdrag for Miljødirektoratet. Råda frå den ferske boka kan også brukast utanom verneområda.

Og gode råd trengst. For dette er berre starten av fjellturismen i Noreg, trur Hagen.

– Tap av natur og leveområde for artar er den største trusselen for livet på jorda i dag. Det å oppleve «vill» natur med skog, fjell, planter og dyr er ingen sjølvsagt ting. Det er viktig for mange, og her i landet har vi dette produktet, seier ho.

Hagen meiner det blir feil å sjå på alle folka som vil på tur som eit problem. Ho oppfordrar heller kommunar og organisasjonar til å legge ein god plan der ein tenker vidt både på natur og folk.

– Fjell er jo fantastisk! Tenk å gå tur i fjellet og kjenne lufta, sjå utsikta, bli varm i kroppen. Fleire og fleire oppdagar dette. Ikkje tenk på det som eit problem. Tenk heller at det er flott at folk vil ut i naturen, men at det krev god tilrettelegging. God tilrettelegging må bygge på kunnskap om naturverdiane og dei som ønsker å oppleve dei. Det er både enklare og billegare å vere i forkant, enn at det blir eit problem som må rettast i ettertid.

Jente på Besseggen

BESSEGGEN: Ifølge Miljødirektoratet gjekk 57 000 menneske over Besseggen i fjor. Det viser på naturen, og fleire tiltak – mellom anna sherpahjelp til stibygging er sett i verk.

Foto: @fjelluft16 / Instagram

Besøkstalet eksploderte

I Tromsø har dei fått erfare at det er viktig å tenke på meir enn sjølve stien når ein skal legge til rette for stadig fleire turfolk.

Sherpatrappa til Fjellheisen

Stibyggarar frå Nepal i arbeid i Tromsø. Mange plassar i Noreg har dei fått hjelp frå sherpaer til å bygge robuste stiar.

Foto: Marita Bolle Andersen / NRK

Stien opp til fjellet Aksla i Tromsdalen hadde ete seg nesten ein meter ned i terrenget i skogen, og spreidde seg breitt utover fjellsida over skoggrensa. Då bestemte kommunen seg for å ta tak. Ved hjelp av ekspertar frå Nepal, bygde dei ei trapp opp til fjellplatået på rund 1200 trappetrinn. Trappa er no nesten ferdig.

– Då arbeidssperringane vart fjerna etter mange vekers arbeid i 2017 registrerte vi 6500 passeringar i løpet av helga, fortel Margrete Rabås som er friluftsrådgjevar i Tromsø kommune og prosjektleiar for sherpatrappa.

Det ho er mest overraska over var den eksplosive auken i besøkande etter at trappa blei bygd. I juli 2015 var det 16 125 passeringar på teljaren – i juli 2018 var talet 47 787.

– Vi trudde at besøket ville auke, men ikkje så mykje, seier Rabås.

Folk ville også køyre heilt inn til stien. Det blei parkeringskaos, og kommunen måtte etter kvart sette opp parkering forbode skilt i området. Dei har no fått på plass betre skilting frå ein stor parkeringsplass litt lenger unna. I tillegg vil dei jobbe vidare med stien.

Margrethe Rabås

Prosjektleiar, Margrete Rabås under bygging av sherpatrappa i Tromsø.

Foto: Fabian Marcus Amundsen Ubeda / NRK

– Trappa er for smal nede i skogen. Dermed går folk på sida. Det blir også monotont å gå 1200 trappetrinn, så vi planlegg fleire stikkstiar ut frå hovudstien etter kvart. Vi er altså på langt nær ferdige med prosjektet, sjølv om trappa er ferdig, seier ho.

Rabås trur ein stor del av auken skuldast turistar. Det vil dei finne ut meir om når dei skal intervjue turfolk i området i sommar, som ein del av arbeidet med å lage ein besøksstrategi for heile området.

Ansvar

Tilbake til Sukkertoppen i Ålesund. På Tripadvisor er det nummer 2. på lista over ting å gjere i byen. Dermed strøymer turistane til. Men kven er det som har ansvaret for at fjellet ikkje blir offer for alt for mange traskande fjellsko, søppel, do- og parkeringskaos?

Eva Vinje Aurdal

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Lover og reglar er ikkje heilt klare her, ofte er det eldsjeler som tar tak, men ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) i Ålesund kommune meiner det offentlege må ta sin del av ansvaret.

– Det er først no siste tida eg har blitt klar over at fjellet treng hjelp, men eg meiner kommunen må ta ansvar. Vi er avhengige av å samarbeide med frivillige organisasjonar og turistnæringa, men kommunen må koordinere det, seier ho.

Ho veit ikkje når eventuelle tiltak blir sett i verk, men det blir jobba med planar om ein alternativ sti til fjellet, frå andre sida. I mellomtida held turistane fram med å valfarte til toppen.

Eller nesten til Sukkertoppen.

– Vi valde å snu. Det var farleg for oss eldre her. Alt for gjørmete og glatt, seier dei svenske venninnene Inger Eriksson og Karin Abrahamsson.

Svenske damer på Sukkertoppen

FARLEG: Desse svenske damene snudde før toppen av Sukkertoppen. – Vi synest også at det bør gjerast noko her snarast for å ta vare på naturen, seier Inger Eriksson (t.v.) og Karin Abrahamsson.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL