Hopp til innhold

Thor-Harald dusjar i iskaldt vatn for å få energi

Kvar dag dusjar 17-åringen tre minutt i kaldt vatn. Han er så sikker på effekten at han nesten ikkje brukar varmevatn lenger.

Thor-Harald Lindblom (17)

Thor-Harald Lindblom har tatt kalde dusjar i snart eitt år no. Han er overbevist om at dette gir han energi.

Foto: Remi Sagen / NRK

Thor-Harald Lindblom går bestemt inn i den kjølige dusjen, men hyler ikkje. Kroppen er roleg og pusten kontrollert medan iskalde dråpar sprutar ned på skuldrane hans.

– Det gir veldig mykje energi, det kjennest litt som eg har tatt fleire koppar kaffi. Og så får eg betre humør, seier han.

Og han er ikkje åleine. Stadig fleire skrur kranen bestemt mot blått etter å ha fått inspirasjon frå mellom anna TikTok-videoar. Kompisane Thomas Sætre Kaslegard (16) og Jakob Espe Lund (16) er overtydde om effekten.

– Det er for å få meir energi, få litt refresh, bli litt vaken før eg skal trene, seier Kaslegard.

– Eg kjenner meg betre etterpå og så har eg høyrt at ein får betre restitusjonen av musklane, seier Jakob Espe Lund (16).

Thomas Sætre Kaslegard og Jakob Espe Lund

Kompisane Thomas Sætre Kaslegard og Jakob Espe Lund dusjar i iskaldt vatn nesten kvar dag. Dei seier dei kjenner seg betre av det.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kjøper inn bøtter for isvatn

På treningssenteret Mudo i Ålesund har dei også registeret at fleire vil dusje i iskaldt vatn. Nyleg kjøpte dei inn bøtter som skal monterast i taket over kvar dusj – for dei som ikkje får nok. Ved å trekkje i ei snor, kjem ein ekstra, frivillig kalddusj av iskaldt vatn.

David Castro

David Castro som driv treningssenteret Mudo seier mange av kundane hans er opptekne av kva for effekt kaldt vatn har på kroppen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det blir eit sjokk av kulde som varer i eitt sekund eller to. Men det skaper også ein omstart av restitusjonen, seier David Castro, som driv senteret.

Han seier svært mange er interesserte i dusj i iskaldt vatn, og seier det er bra for helsa.

Kan du tenkje deg å dusje i kaldt vatn?

Forskarar støttar teorien

Også mange ekspertar er entusiastiske over effekten iskaldt vatn kan ha.

Forskar, fysiolog og kulde-ekspert Øystein Wiggen ved Sintef seier forskinga ikkje er eintydig, men at stadig fleire studiar tyder på at kalde dusjar og bad er bra for kroppen.

Øystein Wiggen

Kulde-ekspert Øystein Wiggen hos Sintef seier stadig fleire studiar tyder på at kalde dusjar og bad er bra for kroppen.

Foto: Sintef / NTB

– Blodårene trekkjer seg saman, vi får høgare hjartefrekvens og mange begynner å gispe. I tillegg blir det utløyst fleire stresshormon, mellom anna eitt som er smertelindrande. Det same hormonet gir oss den gode kjensla etterpå, som ved trening, seier Wiggen.

Fleire rapporterer også om at kalde bad gir god effekt mot depresjonar.

Les også Isbading mot depresjon: – Hjelpte meir enn både terapi og medisinar

Dagmar Dahl, isbader

– Fokuser på pusten

Har du lyst å prøve, kan du få hjelp frå ekspertar.

Juster dusjhovudet slik at vatnet treff øvst på ryggen og renn nedover. Stå så roleg som råd i 10 sekund og fokuser på lange utpust, foreslår Peter Haukås Pejtek.

Han starta å dusje i kaldt vatn for snart eitt år sidan etter å ha sett eit program på National Geographic.

Peter Haukås Nejtek

Peter Haukås Nejtek får stadig spørsmål frå folk som lurer på om dei skal orke å dusje i kaldt vatn. Han har svaret klart.

Foto: Tonje Gulbæk Barstad

Heile oppskrifta hans kan du lese her:

Men for enkelte blir det rett og slett for ufyseleg.

Øyvind Brandal

Øyvind Brandal skulle så gjerne, men orka ikkje. Det blei for kaldt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Øyvind Brandal (31) var biten av basillen og trur kaldt vatn kan hjelpe både for restitusjon og søvn. Men han slutta. Han orka ikkje meir, fordi det var så ubehageleg.

– Eg prøvde det, men eg heldt ikkje ut, rett og slett, det blei for kaldt, seier han.

Står i dusjen i tre minutt

Thor-Harald Lindblom (17) har fast rutine. Etter å ha vaska seg i varmt vatn først, skrur han rett over på det kaldaste og spyler kroppen i to og eit halvt minutt medan han tel ned sakte. Dei siste 30 sekund tek han strålen rett over hovudet.

Han gjer det utan ein grimasje, men vedgår at det er vondt medan det står på.

Thor-Harald Lindblom

Thor-Harald Lindblom seier han las om kalde dusjar på internett. Hans eigne erfaringar har overbevist han om at dette er bra for kroppen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Først og fremst kjennest det veldig kaldt, eg klarer berre å tenkje på at eg ikkje vil stå slik, seier han.

Det er ei pine også for Jakob Espe Lund (16).

– Det er ganske kaldt. Eg står eit par minutt, tre-fire, kanskje, seier han.

– Hyler du?

– Nei.

– Har du lyst å hyle då?

– Ja.

Isdusjing var tema i radio i programmet «Opptur» nyleg. Det kan du høyre her:

Les også Forskere sår tvil om helseeffektene av isbading

Dikemark, 4. mars 2018. En gjeng med utvekslingstudenter prøver seg på isbading for første gang under "Isfestivalen i Asker 2018" på Verkensvannet.