Blod,
sveitte
og store smil.

Det er badstufeber

... i Noreg.

Midt mellom Munchmuseet og Operaen ligg Sukkerbiten.

Der stig røyken opp frå badstuepipene og blandar seg med tåka som ligg over Oslofjorden.

I fjorden er det kaldt.

Ute er det vått.

Men inne er det varmt. Det sørgjer badstumeistrane Anna og Sveinung for.

Kristoffer er ein habil badstubadar og fast inventar på «Måken», den eldste badstua til Oslo badstuforening.

Dampen doggar til rutene. Ein halvtime i ei dampane badstue er like sunt som trening, meiner finske forskarar.

Men 15 minutt blir heitt nok. Sjølv for dagleg leiar i Oslo badstuforening, Ragna Marie.

«Sjølv om vi er ein veldig sosial foreining, så synest eg det er heilt fantastisk å ta badstue heilt åleine. »

Ragna Marie Fjeld

Ho har vore med sidan oppstarten i 2016. Det blei starten på ein ny renessanse. No har dei 11 badstuer i Oslo. Og fleire på gang.

Den nye æraen for badstuene starta kanskje som eit urbant fenomen. No har badstufeberen spreidd seg.

Noregs badstulaug har registrert 220 badstuer berre på fastlands-Noreg. Badstuene poppar opp i kvar krik og krok. I byen. I skogen. I fjellet.

Og ved fjorden.

Bak denne svingen -

står badstua «Heit».

Ho skodar utover Sørfjorden i Hardanger.

31 år gamle Helga skodar over badstua frå stova si.

Talet på innbyggjarar i bygda kan teljast med to hender, men Helga har bidratt med nytt tilskot.

Som næraste nabo til badstua kunne ikkje Helga seia nei då veninna Guro spurde om ho kunne tenkja seg å vera fyrbøtar.

For tre år sidan bestemte Guro (30) seg for å flytta heim att frå Oslo.

Då hadde ho akkurat fått oppleva oppblomstringa av badstuekulturen i Oslo.

«Eg sat der og tenkte: Det er fantastisk flott i indre Oslofjord, med utsikt til Operaen, men dette må me jo få til i Sørfjorden også.»

Guro Kvalnes

Med ei hjelpande famn sørgjer blant anna Helga både for -

varme -

og for damp.

Det til glede for elevane ved Hardanger folkehøgskule.

Dei går på friluftslivslinja og blei lokka til Hardanger av fjorden og fjella.

Med eit lite sveip over rutene er det nett det dei får frå badstuebenken.

Og med isbading som valfag -

passa det ypparleg for folkehøgskuleelevane at badstua dukka opp i bygda.

Svømmetaka blir enklare når ei varm badstue ventar på deg.

Fotojournalist

Eirin Tjoflot
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal