Hopp til innhold

Dei var brannforsikra, men bygda vil likevel samle inn pengar

Då paret miste alt dei eigde i brann, starta vennene innsamlingsaksjon. – Folk har eit behov for å hjelpe, seier Huseierenes landsforbund.

Huset til Theodor Sjøholt (25) og Yotaka Kijjarak brann ned. Dei står framfor brannruinane på Sjøholt.

Yotaka Kijjarak og Theodor Sjøholt miste alt dei eigde då huset deira brann.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var som eit mareritt for Theodor Sjøholt (25) og Yotaka Kijjarak (24) då huset deira starta å brenne. Han var i kjellarstova då han måtte flykte ut av det røykfylte huset i berre strømpelesten.

– Det var ei skremmande og ekkel oppleving, seier Sjøholt. Sambuaren var ikkje heime, men broren hennar var i huset. Også han kom seg velberga ut.

Paret har mist alt dei egde i brannen. Det einaste Sjøholt fekk med seg var mobiltelefonen, som han brukte for å ringe nødnummeret.

Brann sjøholt

Det var full overtenning i huset på Sjøholt. Theodor Sjøholt rakk ikkje ein gong å ha på seg skoa fordi det skjedde så fort.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Samla inn pengar

No har både kjende og ukjende slått ring rundt det unge paret og samla inn pengar.

– Det positive med å bu i ei så lita bygd er at alle er så omtenksame og vil hjelpe. Vi er veldig takknemlege, seier Yotaka Kijjarak. Dei har også blitt tilbydt ein plass å bu, mat og klede.

Paret har alle forsikringane i orden og får dermed dekt det dei miste. Likevel er pengane frå innsamlinga kjærkome no i starten.

– For oss var det greitt å få pengar fort. Vi må skrive liste over kva som var i huset og det tar ei god stund før du får det att, seier Sjøholt. Dei har også fått eit forskot frå forsikringsselskapet.

Visst det blir pengar til overs har dei to bestemt seg for å gi det vidare til kreftsaka eller andre veldedige føremål.

Carsten Henrik Pihl, huseiernes landsforbund

Carsten Henrik Pihl er forbruker- og kommunikasjonssjef i Huseiernes Landsforbund.

Foto: Birgitte Wold Ingebretsen / NRK

Tar litt tid med utbetaling

Huseiernes Landsforbund ser at det i heile landet blir starta innsamlingsaksjonar etter brannar eller naturkatastrofar.

– Det er eit uttrykk for at folk ynskjer å hjelpe og at dei som er ramma skal sleppe å tenke på økonomi, seier Carsten Henrik Pihl, som er forbruker- og kommunikasjonssjef.

Dei aller fleste har forsikring, slik at ein får dekt både gjenoppbygging og innbu, men ifylgje Pihl vil det alltid ta litt tid å få pengane utbetalt.

– Slik sett kan ein Spleis vere grei å ha i ein overgang, seier Pihl.

Gjennom kroneinnrullinga Spleis har det sidan 2016 blitt samla inn 975 millionar til 105.000 føremål.

Les også Mista heimen i brann: – Det er heilt grufullt

Huset som brann i Langevågen i Sula 28. desember.

Støttar med små summar

Det var venninna Celina Gausnes Aasen og søstrene hennar som starta innsamlingsaksjonen. Ho er klar over at paret er forsikra, men ville likevel gi dei ei starthjelp til å kjøpe det aller mest naudsynte, som truser og sokkar.

– Det har gått over all forventning. Både kjende og ukjende har valt å støtte med ein liten sum. Dei små summane har gjort at dette har blitt ein stor sum, seier Aasen. Det har kome inn over 40.000 kroner.

Yotaka Kijjarak og Celina Gausnes Aasen er frisørar og venninner. No har Aasen starta innsamling etter brann. På biletet sit dei to i frisørsalongen.

Yotaka Kijjarak og Celina Gausnes Aasen er frisørar og venninner. No har Aasen starta pengeinnsamling etter brannen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vil sjå framover

Paret har no flytta inn til foreldra til Sjøholt, fordi det var mest praktisk. Dei har hatt lite tid til å tenke på det dramatiske som skjedde.

Dagane har gått med til å samarbeide med politi og forsikringsselskapet. Dei to har ingen behov for å gå inn i huset igjen før det skal rivast og byggast opp igjen. Inne er alt øydelagt.

– No vil vi berre sjå framover. Vi står framfor mykje arbeid med opprydding, men vi tar ein dag av gangen. Alt løyser seg til slutt, seier 25-åringen.

Hus brann ned på Sjøholt. Frå ruinane er det utsikt over bygda og fjorden

Frå brannruinane er det utsikt over heile bygda. Paret er svært takknemlege for at bygdefolket støttar dei.

Foto: Remi Sagen / NRK