Hopp til innhold

Full fyr i bustadhus på Sunnmøre – fleire naboar måtte evakuerast

Det var ikkje mogleg å berge huset som stod i brann på Sjøholt på Sunnmøre laurdag kveld.

Brann sjøholt

BRANN: Huset på Sjøholt blei overtent laurdag kveld.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

110-sentralen melde seint laurdag ettermiddag at det var full overtenning i eit hus på Sjøholt i Møre og Romsdal.

Laurdag kveld gav brannvesenet opp å berge huset og det blei gjennomført ei kontrollert nedbrenning.

– Det var full overtenning då både politiet og brannvesenet kom til staden. Dei har no kontroll på sjølve huset og vegetasjonen og det blir bli ein kontrollert nedbrenning av huset, sa operasjonsleiar Ewa Welle ved Møre og Romsdal politidistrikt til NRK laurdag.

Dei to som var til stades i huset kom seg raskt ut. Dei fekk hjelp av helsevesenet på staden.

Ewa Welle

Ewa Welle er innsatsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Gjer undersøkingar måndag

Dei to som budde i huset skal vere i 20-åra. Politiet har avhøyrt dei.

Laurdag kveld sa innsatsleiar Welle i politiet at dei førebels ikkje veit kva som starta brannen.

– No gjennomfører vi etterforskingsskritt som avhøyr og liknande for å finne årsaka til brannen, sa ho.

Politiet har planar om å gjere åstadundersøkingar på staden når det er mogleg.

– Dette vil truleg skje måndag, seier Tor-Andre Gram Franck, operasjonsleiar i politiet til NRK søndag morgon.

Brann sjøholt

Huset blei totalskadd i brannen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Fekk flytte tilbake

Dei næraste naboane måtte evakuerast då flammane herja som mest, men fekk seinare flytte tilbake etter at brannvesenet hadde spylt veggane.

Huset låg i Sjøholt sentrum i Ålesund kommune, i eit bustadfelt.

Ifølgje politiet var det ikkje fare for bustadrekkja som låg bak einebustaden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL