Hopp til innhold

Vil sprenge ut parkeringstunnel i Geiranger

Bussar, bubilar, privatbilar og nesten ein million turistar strøymer til verdsarvområdet Geiranger. No vil kommunen bygge parkeringstunnel i fjellet for å fikse trafikkproblema.

Bilde av Geiranger-fjorden, med høye fjell og vakkert turkis vann.

Tal frå fylkeskommunen over ferjetrafikken og tal frå fjordcruise-operatøren The Fjords viser begge at stadig fleire turistar i bussar bubilar og privatbilar finn vegen til Geiranger.

Foto: NRK / Remi Sagen

Trafikk-kaos, parkeringsproblem og forsøpling er tema som har vorte debatterte i Geiranger i sommar. For horden av turistar som kjem er ikkje uproblematisk.

Kenneth Løken driv restaurant i bygda og er ein av dei rundt 200 som bur der heile året. Han er heilt avhengig av turistane, men er også oppgitt over trafikken dei fører med seg.

Kenneth Løken

Kenneth Løken driv restaurant i Geiranger og er opptatt av at trafikksituasjonen i bygda må bli tatt tak i.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Familiefaren tør ikkje å la ungane sykle åleine til sentrum når turistsesongen står på som verst. For der kranglar bussar og bubilar om plassen. No meiner han det er på høg tid at trafikken blir regulert betre.

– Eg synest det er rart at ein her kan stoppe midt i vegen og sleppe av og på folk. Det kan eg aldri tenke meg er lov verken i Oslo eller Ålesund, seier Løken.

Trafikk i Geiranger sommerstid

Det er trongt om plassen i Geiranger om sommaren.

Foto: Kåre Berge/Møre og Romsdal Fylkeskommune

Er bekymra for beredskapen

Denne veka møtte Løken og andre næringsdrivande både kommune, fylkeskommune og nødetatar.

Biler på kryss og tvers i Ørnesvingen i Geiranger

Bilar og bussar på kryss og tvers i Geiranger i sommar.

Foto: Kåre Berge/møre og Romsdal fylkeskommune

Målet for møtet var å finne gode løysingar for mellom anna trafikksituasjonen framover.

Fylkeskommunen, som eig vegen ned til Geiranger, har fått fleire bekymringsmeldingar i sommar på grunn av bussar og bilar som står på kryss og tvers.

– Vår bekymring er at politi og nødetatar ikkje skal komme seg fram når dei har behov. For er det kaos så kjem ikkje dei heller seg fram, seier Kåre Berge, byggjeleiar i fylkesvegavdelinga.

Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kåre Berge er byggeleiar i fylkesvegavdelinga i fylkeskommunen. Han har fått mange meldingar frå folk som har kjent seg utrygge i trafikken i Geiranger i sommar.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Vil ha parkeringstunnel

Sjølv om alle som møttest i Geiranger er samde om at det er for trongt, kan gode løysingar ta tid.

Her trengst det drastiske tiltak, men problemet må takast tak i allereie før neste turistsesong startar om nokre månader.

Ordføraren meiner dei skal klare å få på plass eit parkeringsselskap og eit parkeringsreglement innan neste sesong. Han meiner dei også skal få på plass betre rutinar for søppelhandtering.

På lang sikt meiner ordføraren at det bør byggjast ein parkeringstunnel for både bilar og bussar. Samtidig veit han at planane kan bli vanskeleg å få godkjent.

Dette biletet viser korleis parkeringstunnelen er godkjent i områdereguleringa for Geiranger.

Biletet viser korleis parkeringstunnelen ser ut i områdereguleringsplanen som er godkjent.

Foto: Stranda kommune

Geiranger er eit UNESCO-verdsarvområde, som betyr at heile området er strengt verna.

Men vi må starte i ein ende, meiner Tryggestad.

Jan Ove Tryggestad

Jan Ove Tryggestad er ordførar i Stranda og vil ha ei løysing på trafikksituasjonen slik at situasjonen blir betre for både fastbuande og tilreisande.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Viss vi hadde fått aksept i UNESCO-systemet kunne ein prosess med ein fjellhall vorte gjorde på nokre år, meiner ordføraren.

Har du tru på at ein kan få til noko slikt i eit verdsarvområde?

– Eg meiner det er den einaste farbare vegen å gå for å unngå å sitje igjen med eit Geiranger som er prega av mistrivsel.

Dette bildet viser kva lokasjon kommunen no tenker er mest gunstig, men det er ikke slik den er godkjent i planen.

Dette bildet viser lokasjonen som kommunen no tenker er mest gunstig for ein parkeringstunnel. Dette er ikkje slik den er godkjent i planen. Kommunen arbeider no med nærare avklaringar oppimot UNESCO før dei legg meir arbeid i detaljreguleringa.

Foto: Stranda kommune

Ønskjer konsekvensutgreiing velkommen

Katrin Blomvik, direktør i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, meiner det er fleire tiltak som må på plass for å løyse trafikkutfordringane i Geiranger.

Ho er samd i at ein parkeringstunnel kan vere eitt av dei, og at det kan få mange positive effektar for Geiranger.

geiranger

Katrin Blomvik er direktør i Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv og er opptatt av at fleire ting må på plass for å løyse trafikkproblema i Geiranger.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

Samtidig understrekar ho at det er viktig at alle alternativ blir undersøkte, og ho meiner det er for tidleg å spå kva UNESCO vil meine.

Det einaste som er heilt sikkert er at slike tiltak må gjennom grundige konsekvensutgreiingar før både UNESCO og forvaltninga kan konkludere, seier ho.