Hopp til innhold

Regjeringa får kritikk for manglande turistskatt: – Allereie langt på overtid

Ferske tal viser at det kjem rekordmange turistar til Noreg denne sommaren, men dei slepp å betale turistskatt. Det får ordførarar og politikarar til å steile.

Turistar i Flåm

TURISTMAGNET: Reiselivet er meir optimistisk før denne sommaren enn i fjor, melder NHO Reiseliv. Her er utanlandske turistar gått i hamn i Flåm i Vestland.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

På tvers av tidlegare signal frå regjeringa om at turistar må rekna med å betale meir for overnattinga, gjennom turistskatt, så har det no blitt heilt stille frå dei som styrer landet.

I januar varsla Regjeringa at dei vil gjennomføre fleire pilotprosjekt med lokale besøksbidrag.

Les også Nå blir det dyrare for turistar å overnatte i Noreg

Undredal

Men turistkommunane på Vestlandet og i Nord-Noreg står utan prøveprosjekt og utan svar om korleis ordninga blir.

– Dette er allereie langt på overtid, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) om norsk turistskatt.

Venstre-politikaren har sendt spørsmål til næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) der han ber om svar om kvifor kommunar ikkje får kome i dialog med staten om ordninga.

Sommerkledde turister går langs kaia i Svolvær. Sola skinner og havet er helt stille. Fjellene brer seg over landskapet.

Spesielt Nord-Noreg lokkar utanlandske turistar som vil oppleve norsk natur, viser tal frå NHO Reiseliv.

Foto: Malin Nygård Solberg

Rekordmange turistar

I mellomtida kan NHO Reiseliv melde at rekordmange turistar kjem til Noreg i sommar, som følge av svak krone og ønske om å oppleve norsk natur.

– Noreg som reisemål har styrka seg internasjonalt. Det er «all time high», seier kommunikasjonsdirektør i NHO Reiseliv, Merete Habbestad til TV 2.

Før storinnrykket har fleire kommunar bedt om møte med Nærings- og fiskeridepartementet (NFD).

– NFD si oppfølging av eit såpass kokeklart prosjekt og pilot kunne ha vore mykje betre, seier dagleg leiar for Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, Erling Oppheim.

I Lofoten meiner dei at det hastar å få på plass ei ordning.

– Nordland fylkesting ber regjeringa straks komme med ein avklaring på kor tid og korleis prosjektet for innkrevjing av turistskatt i Lofoten skal starte, skriv fylkestinget i eit fråsegn.

Svein Øien Eggesvik
Josef Benoni Ness Tveit

Svein Øien Eggesvik, fylkesrådleiar i Nordland (Sp)

Vi i fylkestinget i Nordland meiner det hastar med ei løysing, sidan problema med alt frå avfallshandtering til offentlege toalett og annan infrastruktur er store i dette turistparadiset. Vi hadde gjerne sett at skatten hadde vore på plass for mange år sidan. Vi i Nordland fylkeskommune har mykje kompetanse på besøksforvaltning. Denne kompetansen kunne nok ha vore nyttig inn i dette arbeidet.

Anders Riise (H) fylkespolitiker i Møre og Romsdal.
Tore Ellingseter

Anders Riise, fylkesordførar Møre og Romsdal (H)

Det har absolutt teke for lang tid, og vi har teke opp dette i fleire ulike møte med regjeringa. No blir det tidlegast i 2025. Belastninga på desse område er stor, med mykje trafikk, press på infrastruktur og behov for sikring og vedlikehald av området

Erling Oppheim
Verdsarvparken

Erling Oppheim, leiar Verdarvrådet for Vestnorsk Fjordlandskap

Det har teke for lang tid å få nasjonal aksept for å prøve ut fellesgodeprosjektet/teste ut ordninga med besøksbidrag i verdsarvfjordane. Sjølv med ei viss forståing for at Regjeringa, og i dette høvet NFD, har hatt mykje å styre med - både internt og eksternt - er det vel ikkje noko underdriving å hevde at NFD si oppfylginga av eit sopass kokeklart prosjekt og pilot kunne ha vore mykje betre.

Fortvila over å ikkje bli høyrd

Departementet skal kome med lovforslag som skal på høyring over sommaren.

Førebels har ikkje kommunane, der turistskatten skal gjelde, fått påverke lovforslaget.

– Om vi skal vere med etter at dei har bestemt korleis det skal vere, så er det lite nytte med lokal medverknad, seier Aurland-ordførar Kjell Bøe Bjørgum (Ap).

Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Anders Riise (H), er frustrert over at ein eventuell turistskatt først kjem i 2025.

– Belastninga på desse områda er stor med mykje trafikk, press på infrastruktur og behov for sikring og vedlikehald av området, seier han.

Geiranger september 2023 Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett skal feire bryllup i Geiranger

Geiranger blir også i sommar eit populært reisemål. Det er venta mykje folk i bygda i slutten av august då Märtha Louise (51) og Durek Verrett (48) skal gifte seg. Prislappen for ei natt er på svimlande 16.000 kroner.

Foto: Remi Sagen / NRK

No har fleire kommunar og verdsarvråd sendt brev til Næringsdepartementet der dei ber om eit møte.

Jobbar med saka

I ein e-post til NRK seier statssekretær Vegard Grøslie Wennesland (Ap) i Nærings- og fiskeridepartementet at regjeringa akkurat no jobbar med eit høyringsnotat om saka, og at målet er å gi kommunane moglegheit til å innføre eigne tiltak.

«Som varsla i Vegkart for reiselivsnæringa, kan løysinga basere seg på påslag på overnatting i kombinasjon med parkeringsbetaling og cruisepassasjeravgift og/eller dagsbesøksavgift», skriv Wennesland.

Han er ikkje samd i kritikken om at regjeringa har brukt for lang tid på saka.

«I motsetning til tidlegare regjeringar har vi tatt tak i dette. Vi er i gong og har som mål å få på plass nye ordningar. Sidan dette er nybrottsarbeid, inneber det ein del arbeidd og vi må gjere det rett» skriv han.

NHO Reiseliv er kritisk til forslaget om turistskatt i Noreg.

– Vi er svært kritisk til at det skal greiast ut ei ekstra avgift på overnatting på hotell. Det er den typen overnatting vi treng meir av, ikkje mindre av, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin K. Devold.

Overbelastning i nord og vest

Med ei ny turistbølge på veg, må fleire destinasjonar i Noreg bu seg på ein travel sommar.

Både ved stavkyrkjene på Vestlandet og i Lofoten har ein opplevd mange turistar som bæsjar i hagar grunna manglande toalett.

Destination Lofoten plukka i fjor 40 liter menneskebæsj.

Les også Stavkyrkje tar grep mot turistbæsj

Urnes stavkyrkje

Mange turistar og få toalett har vore eit av argumenta for å innføre turistskatt, som kan bidra til betre infrastruktur på dei mest populære destinasjonane.

Stortingsrepresentant Bjørlo meiner vi risikerer ein auka motstand mot turismen lokalt.

– Det som fortvilar meg mest er at lokale kommunar har gått føre og gjort nybrotsarbeid, men så forsvinn det i den store statlege kverna.