Hopp til innhold

Tendensar til ferjemonopol uroar

Stadig færre reiarlag legg inn tilbod for å drifte ferjestrekningar langs kysten, og det uroar mange i samferdslesektoren.

Ferja "Tresfjord"

Bilferja Tresfjord traffikerer sambandet Molde - Vestnes. Fjord1 er eitt av få reiarlag som legg inn tilbod om drift av ferjer her i landet.

Foto: Herskedal, Kjell / SCANPIX

Temaet om at stadig færre reiarlag opererer innan ferjedrifta, kom opp under samferdselskonferansen i Kristiansund i går.

Bakteppet er kostnadseksplosjonen ein no ser i ferjedrifta. Den kan gå hardt utover ferjetilbodet på kysten.

Færre leverer tilbod

Fylkesrådmann i Møre og Romsdal, Ottar Brage Guttelvik er mellom fleire som uroar seg over utviklinga.

Ottar Brage Guttelvik

Ottar Brage Guttelvik likar ikkje tendensen til at stadig færre ferjereiarlag legg inn tilbod på dei ulike sambanda.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi har ei viss kjensle av at det er i ferd med å utvikle seg monopoltendensar mellom ferjereiarlaga. Vi ser at når tilboda kjem inn, er det berre to-tre som konkurrerer, seier Guttelvik.

Han åtvarar mot at det snart berre er to-tre reiarlag i ferjedrifta.

Mangt fordyrar

Ikkje berre fylkesrådmannen er sterkt uroa for det som no er i ferd med å skje. Situasjonen uroar også ho som er regionvegsjef, Berit Brendskag Lied.

– Vi hadde ønskt at fleire aktørar var med i marknaden. Det ville ha betydd betre konkurransesituasjon, seier Brendskag Lied.

Samtidig ser ho ein aldrande og utdatert ferjeflåte, og nye ferjer som vil krevje dyrt utstyr.

Berit Brendskag Lied

Heller ikkje regionvegsjef Berit Brendskag Lied likar utviklinga innan ferjedrifta.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Regionvegsjefen ser ein stor kostnadsauke ut frå fleire forhold.

– Det er nye krav til oss. For det første skal vi innføre autopass, og i tillegg 20 minutts avgangar i E39- sambanda.

Brendskag Lied viser til at konkurransesituasjonen er knapp, med få tilbydarar i markanden.

– Vi ser også auka krav får publikum, og vi ønskjer å gi betre standard. Også det kostar, seier Berit Brendskag Lied.