Hopp til innhold

Tek sjølvkritikk etter Brusdal-ulykka

Sunnmøre politidistrikt tek sjølvkritikk for måten dei handterte og etterforska dødsulykka i Brusdalen i august 2013 på. Politiet summerte opp Brusdal-ulykka i dag.

Ingar Bøen

Konstituert politimeister Ingar Bøen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Spesialeininga for politisaker la nyleg bort saka der Sunnmøre politidistrikt var meldt for mangelfull etterforsking av ulykka. No vil politidistriktet blant anna gå grundig gjennom saka med tanke på å ta lærdom av feilvurderingane som blei gjort.

Dødsulykka

Ulykke i Brusdalen
Foto: Øyvind Hagerup

27. august 2013 omkom småbarnsmora Maren Rebekka Otterlei (49) i ei møteulukke på E136 i Brusdalen. Rapportar frå politiet og vegvesenet konkluderte med at det var Otterlei sin bil som kom over i feil køyrefelt og var årsak til ulykka. Seinare avslørte TV2 at dette var feil. Det var den andre bilen som hadde var årsak til ulykka.

Les også: Dødsulykke i Brusdalen

Pårørande til kvinna meinte at ho fekk urettmessig skuld i ulukka, og skuldspørsmålet blei vurdert på nytt. I september i fjor blei det klart at Riksadvokaten ikkje tok klagen til følge, og la bort saka på grunn av manglande bevis.

Les også: Politiet får ikke utlevert blodprøve etter Brusdal-ulykken

Spesialeininga la bort saka

Tidlegare i mars i år blei det kjent at spesialeininga for politisaker også har lagt bort saka fordi dei ikkje fann det bevist at lovbrot var gjort. Fire av dei som arbeidde med saka ved Sunnmøre politidistrikt var etterforska for grov uforstand i tenesta.

Då Politiet summerte opp saka tysdag, beklaga konstituert politimeister Ingar Bøen at dei hadde gjort feil. Først og fremst at dei trekte feil konklusjon om kva for ein bil som hadde var årsak til ulykka.

– Feilvurdering

Politiet la vekt på vitneforklaringar då dei konkluderte om kva som hadde skjedd og kva som var årsak til ulykka. Seinare blei det altså avklart at konklusjonen var feil.

– Det var ei feilvurdering, og vi prøver no etter beste evne å ta lærdom av feila våre, sa Bøen under oppsummeringa.

Yngve Skovly og Ingar Bøen

Yngve Skovly og Ingar Bøen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL