NRK Meny
Normal

Ingen tiltale etter dødsulukke

Sjåføren som var blanda inn ei møteulukke i fjor sommar, slepp tiltale. Ei 49 år gammal kvinne miste livet i ulukka.

Ulykke i Brusdalen

Maren Rebekka Otterlei (49) fekk feilaktig skulda for møteulukka der ho sjølv omkom. Fredag kom det fram at sjåføren i den andre bilen slepp tiltale på grunn av manglande bevis, skriv Sunnmørsposten.

Foto: Øyvind Hagerup

Småbarnsmora Maren Rebekka Otterlei (49) omkom i ei møteulukke på E136 i Brusdalen 27. august i fjor. Ifølgje rapportar frå politiet og vegvesenet var det ho sjølv om kom over i feil køyrebane, men dette viste seg å vere feil. Ei avsløring av TV2 viste at det var den andre bilen som førte til ulukka.

Pårørande til kvinna meinte at ho fekk urettmessig skuld i ulukka, og skuldspørsmålet vart vurdert på nytt. Fredag vart det klart at Riksadvokaten ikkje tek klagen til følge, og saka blir lagt vekk på grunn av manglande bevis.

– Årsaksforholdet er ikkje avklart med ei slik sikkerheit som nødvendig for å ta ut tiltale, fortel statsadvokat Jogeir Nogva, til Smp.no.

Avgjersla er endeleg og kan ikkje klagast vidare. Sjåføren, ein mann i 50-åra, vart sjølv hardt skadd i ulykka og seier at han ikkje hugsar noko. Det vart teke blodprøve av mannen på sjukehuset etter hendinga, men han har sagt nei til at politiet får prøva utlevert.