Hopp til innhold

Tek initiativ til privat finansiering av utstyr til sjukehuset

Ei gruppe med medlemer frå næringslivet, politikk og helsevesenet har teke initiativ til privat finansiering av medisinteknisk utstyr som Helse Møre og Romsdal ikkje har pengar til sjølv.

Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus er peika ut til å vere det største og mest differensierte sjukehuset i Helse Møre og Romsdal. Ifølgje utviklingsplanen skal sjukehuset ha både avansert kreftdiagnose-utstyr og utstyr til behandling av alvorlege hjarteinfarkt. Men føretaket har ikkje sett av pengar til dette i langtidsbudsjettet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Øvst på ønskjelista står avansert utstyr som skal brukast til å påvise kreft, såkalla PET. Utstyret ligg som prioritert tiltak i utviklingsplanen til Helse Møre og Romsdal, og utstyret skulle plasserast ved sjukehuset i Ålesund. Men det er ikkje sett av pengar på langtidsbudsjettet.

Bente Lund Jacobsen

Bente Lund Jacobsen er administrerande direktør i Næringsforeningen Ålesundsregionen og med i ressursgruppa for Foreningen Sykehuset Vårt.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Vi tenker at kronerulling for PET-scan er det første og viktigaste å jobbe med framover fordi dette hastar mest. Saka er ferdig greia ut og skal etter det vi kjenner til leggast fram for styret snart, skriv Bente Lund Jacobsen i interrimstyret i Foreningen Sykehuset Vårt i ei orientering til pressa.

Bente Lund Jacobsen er inne i organisasjonen gjennom næringsforeininga Ålesundsregionen.

– Vi blei kontakta av næringslivsleiarar i Ålesunds-regionen som ønskte at vi skulle ta ei rolle for å kjempe for sjukehuset vårt. No har vi jobba i ei ressursgruppe i det stille fram mot i dag.

Lund Jacobsen understrekar at innsamlinga skal bygge opp under planane som Helse Møre og Romsdal har, men som føretaket ikkje har hatt pengar til å gjennomføre.

– Dette angår oss alle. PET-scanning gjer det mogleg å oppdage kreft tidlegare. Vi meiner at også vi i Møre og Romsdal bør ha tilgang på slikt utstyr, seier Lund Jacobsen til NRK.

Avansert utstyr

Ein PET-scannar kostar om lag 25 millionar kroner. Undersøkinga kan påvise fleire typar sjukdomar, men er mest kjent som utstyr som kan påvise kreft. Under undersøkinga blir det sprøyta eit radioaktivt sporstoff i kroppen. Utstyret oppdagar kreftceller, men kan også brukast i diagnostikk av demens, hjartelidingar, epilepsi og andre tilstandar.

I sommar kom ein rapport med utgreiing av dei økonomiske sidene ved etablering av PET i Ålesund.

PET-scanner

Det er ein slik PET-scanner Foreningen Sykehuset Vårt ønskjer å samle inn pengar til.

Foto: Fred Tanneau / AFP

I dag må pasientar frå Møre og Romsdal reise til St. Olavs hospital i Trondheim for å få utført slike undersøkingar.

Arbeidet med den private finansieringa har pågått over tid. I fjor haust etablerte Næringsforeninga Ålesundsregionen ei ressursgruppe som har arbeidd saman for å styrke Ålesund sjukehus. Eir av resultateta av dette arbeidet er no Foreningen Sykehuset Vårt.

– Støttar føretaket

I ei orientering til pressa heiter det at Foreningen Sykehuset Vårt vender seg til både einskildpersonar, lag, bedrifter og kommunar.

Egil Romslo Schistad

Lege Egil Romslo Schistad er blant legane på Ålesund sjukehus som er med i interimsstyret i Foreningen Sykehuset Vårt. Han har tidlegare engasjert seg i «Ring i bjella»-aksjonen, ein aksjon som har sett fokus på utfordringane i føretaket.

Foto: Terje Reite / NRK

– Vi ønskjer å støtte opp om det fagfolka har tilrådd og føretaket har planlagt, men som dei slit med å setje ut i livet. Difor reknar vi Helse Møre og Romsdal sine styringsdokument som leiande for engasjementet vårt, seier lege Egil Romslo Schistad til NRK.

Helseføretak i store økonomiske vanskar

Helse Møre og Romsdal er eit helseføretak i store økonomiske vanskar. Berre i 2019 skal føretaket spare rundt 200 millionar kroner. Sengepostar blir lagde ned eller slått saman, effektiviteten på operasjonsstovene skal opp, ambulansetenesta er i ferd med å bli endra og tenester blir sett vekk til private.

Lenge var det på tale å slå saman fødeavdelingane i Molde og Kristiansund. Rehabiliteringssenteret i Aure var også truga av nedlegging. Desse planane er førebels lagde på is.

I tillegg til slike nedskjeringar er også store utviklingsprosjekt stansa. PET og PCI er blant desse store utviklingstiltaka som helseføretaket ikkje har funne pengar til.

PCI

I tillegg til PET-scannar har foreininga PCI høgt oppe på lista si. Her ønskjer foreininga kontakt med større aktørar. PCI er avansert medisinsk-teknisk utstyr som blir brukt i samband med alvorlege hjarteinfarkt.

– Vi vonar at vi i framtida også kan støtte opp om forsking, einskildtiltak og andre prosjekt som kan gje framragande tilbod. Pengar vi samlar inn skal ikkje gå til den ordinære drifta, men til store og små tiltak som gjer det betre for pasientane, skriv organisasjonen i ei orientering.

I utgangspunktet positive

Fagdirektør i Helse Møre og Romsdal, Torstein Hole, seier at føretaket i utgangspunktet er positiv til slike private initiativ, og at både Helse Møre og Romsdal og Helse Midt har tatt imot gåver før.

Torstein Hole

Torstein Hole er fagdirektør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Men det er ein føresetnad at gåvene er i tråd med føretaket sine prioriteringar og at det ikkje er spesielle føresetnader knytt opp til desse gåvene. Gåvene må også vere i tråd med planane føretaket har for innkjøp av slikt utsyr, seier Hole.

I tillegg må føretaket vurdere om ei gåve vil føre til auka driftsutgifter som ein ikkje har tatt høgde for.

– Vi har eit styrevedtak på at vi skal utgreie om vi skal investere i PET. Det vedtaket er ikkje gjort enno. Så å ta imot ei gåve til PET føreset at vi har gjort eit vedtak om at det er riktig i Møre og Romsdal, i samarbeid med Helse Midt. Gitt at det er gjort eit slikt vedtak, og at vi har en økonomisk plan for inndekking av driftsutgifter, så vil ei gåve vere kjærkomen i ein slik situasjon. St. Olavs fikk si PET i gåve, seier Hole.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL