NRK Meny
Normal

Tar vare på kulturhistoria i båtar og bygningar

Ei rekke båtar og bygningar i Møre og Romsdal skal bli tatt vare på for ettertida. Allereie representerer dei kulturhistoria. Pengane som no kjem er med på å forlenge den historia.

Sundbåten Rapp

Sundbåten Rapp er ein av fire båtar som det no blir brukt pengar på å halde i stand.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Kulturutvalet har løyvt nesten 1,8 millionar kroner til fire kulturminne i verdsavrområdet.

Det gjeld Ola-Løa i Gjørvatunet, stabburet ved Norsk Fjordsenter, og våningshusa på Midtgard og Litlesetra.

– Verdien ligg både i bygningane i seg sjølv og den historia dei ber med seg, seier Helge Aarset i fylkeskommunen.

Også fire verneverdige båtar i fylket har fått tilsaman 550 000 kroner til vedlikehald og istandsetting.

Kkulturutvalet i fylkeskommunen og Riksantikvaren har tildelt pengane.

Dei fire båtane er sundbåten Rapp, MF Bilfergen og fiskebåtane Brand og Hindholmen.

– Fartøya har stor kulturhistorisk verdi og fortel noko om kystfylket Møre og Romsdal, seier utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter.

Ørsta sogelag på tur med Hindholmen

Kulturberaren Hindholmen er med på å formidle både eldre og nyare historie.

Foto: Nelly Perdy Øye