(Ill.foto)
Det seier renovasjonssjef i Romsdalshalvøya Interkommunale Renovasjonsselskap, Olav Bye.
Han meiner difor Tafjord Kraft har seg sjølv å takke dersom dei får for lite boss til anlegget sitt.
Mange kommunar fraktar i dag bosset til Sverige, fordi det er rimelegare enn å levere lokalt.
Tafjord Kraft seier dei ikkje hadde kapasitet til å ta imot avfall frå RIR i 2003.
Og teknisk komite i Giske går inn for å seie opp avtalen om levering av avfall til Tafjord Kraft sitt forbrenningsanlegg.
Men den eksisterande avtalen går ikkje ut før i 2009.
Ordførar Knut Støbakk seier dei har tenkt å halde avtalen, og at vedtaket er eit signal til sentrale styresmakter om å senke avgiftene.