Hopp til innhold

Svindyr sommar for sjukehusa

I løpet av to månader i sommar sprakk Helse Møre og Romsdal med 27 millionar kroner i forhold til budsjettet.

John Harry Kvalshaug og Astrid Eidsvik

Styreleiar John Harry Kvalshaug og administrerande direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal er begge einige om at noko må gjerast for å redusere budsjettsprekken.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

To månader med sommaravvikling førte til ein budsjettsprekk på 27 millionar kroner for Helse Møre og Romsdal.

No er både styret og direktøren i helseføretaket klare på at den økonomiske situasjonen må på rett kjøl umiddelbart.

Vil redusere bruken av vikarbyrå

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Astrid Eidsvik, seier ein må ta grep raskt.

Ålesund sykehus

Ferieavviklinga ved Ålesund sjukehus er noko av det som har kosta Helse Møre og Romsdal dyrt.

Foto: Iver Bostad / NRK

– Eg håper vi klarer å få til å gjere noko med dette umiddelbart, slik at vi har ei anna fart inn i 2014 enn det vi har hatt no i sommar.

Til no har Helse Møre og Romsdal prøvd å redusere budsjettsprekken ved å blant anna redusere innleige av personell frå vikarbyrå, redusere reisekostnadar og redusere bruken av overtid.

– Det er nok veldig vanskeleg å rette opp i alt dette innan utgangen av året, men vi må i alle fall gjere grep som reduserer det økonomiske misforholdet.

Store summar

Med eit budsjett på fem milliardar kroner, kan små marginar gjere store utslag.

– I ein så stor organisasjon som Helse Møre og Romsdal er, kan små utslag bety store beløp. Det er det som er så vanskeleg for oss å handtere, forklarer Eidsvik.

Med bygging av eit nytt felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal som ein del av framtidsplanane, understrekar Eidsvik at det er ekstra viktig at helseføretaket er økonomisk berekraftig.

Det er heilt klart at vi må vere økonomisk berekraftige fram til bygging av det nye sjukehuset, også fram til det står ferdig. Fram til sjukehuset står ferdig må vi også vere budde på å handtere renter og avdrag på lån.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL