Hopp til innhold

Motorsyklistar blei trefte av steinskred – trudde den siste timen var komen

Fire svenske motorsyklistar frykta for livet då store steinar brått hagla ned frå fjellet. Som ved eit under klarte dei å redde seg ut.

Svenskane Tomas Thol, Lukas Chol (?), Lasse Friberg og Ralph Ryden er på motorsykkeltur.

Svenskane Tomas Thol, Lucas Cronholm, Lasse Friberg og Ralph Ryden er på motorsykkeltur. No vender dei snuten mot Skåne.

Foto: Marianne Heimtun

Svenskane fekk seg ein køyretur i sommar-Noreg dei seint vil gløyme. Torsdag kveld køyrde dei ned Aursjøfjellet på Nordmøre, då det brått kom eit steinskred. På ein blunk blei situasjonen høgdramatisk.

– Eg trudde eg skulle døy. Steinane kom susande på alle fire sidene av meg, seier Tomas Thol.

Han og kompisen Lucas Cronholm hamna midt i steinskredet.

På avstand var resten av turfølgjet på fire skrekkslagne vitne.

– Det regna steinar både framfor og bak motorsykkelen. Eg blei svært redd og var overtydd om at det kunne gå svært ille, seier Lasse Friberg.

Han anslår at det var fleire hundre steinar og steinblokker som dundra i bakken, medan kompisane forsøkte å manøvrere slik at dei ikkje blei trefte.

– Fleire hundre kilo tunge steinar

Lasse Friberg seier han gøymde seg i vegkanten, og deretter sprang baklengs bortover, for å unngå steinane som dundra i bakken. Han anslår at mange av dei var fleire hundre kilo tunge.

Bildet viser et steinras som har gått ved Aursjøvegen på Nordmøre. Det var fire svenske motorsyklistar som møtte dette synet.

Steinraset som møtte Lasse Friberg og dei andre svenske motorsyklistane ved Aursjøvegen.

Foto: Lasse Friberg

– Dersom eg hadde fått ein av dei i hovudet, hadde eg ikkje kunne snakke i dag, seier han.

Motorsyklistane seier dei aldri før opplevd noko liknande, og det var svært skremmande. Då regnet av stein slutta, var to i følgjet trefte. Ein i armen, den andre i foten. Men ingen av dei så alvorleg at ferieturen måtte avsluttast. Dei klarte sjølve å ta seg ned til legevakta, som så varsla politiet.

Stenger ikkje vegen

Terje Erstad, som er styreleiar for Aursjøvegen AS, opplyser at vegen ikkje stenger.

– Raset blei rydda vekk umiddelbart etter vi fekk beskjed om det.

Aursjøvegen blei rydda rett etter dei blei informert om raset.

Aursjøvegen blei rydda rett etter Erstad blei informert om raset.

Foto: Terje Erstad

Dagane etter nedbør, og tørka som kjem etterpå, gjer vegen meir utsett for ras. Difor rår styreleiaren folk å følge godt med på slike dagar. Likevel seier Erstad at ein ikkje skal vere redd for å køyre på vegen.

– Vegen har bra standard, men ein og annan gong kan det kome ras. Det er sjeldan at så mykje rasar ned som i går.

Kjem garantert tilbake

Seinare i dag reiser dei tilbake til Skåne i Sverige, med to oppstripa motorsyklar og ei dramatisk historie i bagasjen.

Dei seier dei allereie har planlagt neste motorsykkeltur sommaren 2023 – i Noreg.

– Vi kjem til å fortsette å køyre, motorsykkelkøyring er ikkje noko ein sluttar med. Men vi blei litt skjelvne i dag, seier Friberg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL