Hopp til innhold

Svein (58) er lei av å vere negativ på Facebook: – Eg vil moderere meg

Kommentarfelt og Facebookgrupper kan likne ein slagmark av sinne og uvilje. No har Svein Ludvigsen bestemt seg for å bli ein meir danna debattant.

Svein S. Ludvigsen i Kristiansund

Svein Skotheim Ludvigsen har brukt mykje tid framfor tastaturet. Til slutt blei han sliten av det.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

58-åringen har blitt meir og meir hekta på Facebook med åra, og fann seg stadig til rette i godstolen med laptopen på fanget. Krasse kommentarar gav han eit kick, og han lét seg rive med.

– Eg har vore negativ i måten eg har skrive på. Eg har vore ganske sarkastisk og litt sånn småfrekk, seier Ludvigsen.

Det var avisa Tidens Krav som skreiv om Ludvigsen først.

Svein Ludvigsen i Kristiansund

– Skal verda bli bygd på negativitet, sarkasme og ironi heile tida? Det fungerer ikkje i det lange løp, meiner Svein Ludvigsen

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ludvigsen har kasta seg inn i harde debattar kring sjukehus, mangel på arbeidsplassar og kva fylke ein bør høyre til.

– Avhengigheita var så stor at det blei negativt. Eg har sete på fredagar og kosa meg med eit par øl, som dei fleste. Enkelte laurdagar måtte eg då rydde opp ved å slette eller gjere om tekst, seier Svein Skotheim Ludvigsen.

Ludvigsen innrømmer å sjølv ha bidratt til ein lite konstruktiv debatt, som han har innsett er med på å undergrave byen han er glad i.

Fekk ein vekkar

Vendepunktet blei eit innlegg frå Sissel Kruse Larsen. Ho er kommunikasjonsrådgjevar for generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg, samt utflytta kristiansundar.

Ho fortalde at debattkulturen i heimbyen var blitt så ille at det gjorde det mindre attraktivt å flytte heim. Innlegget kom etter at faren hennar fekk 200 hat- og hetsmeldingar for å ha spådd at Ingvild Kjerkol (Ap) ville bli ny helseminister då han la statsrådskabal på TV 2. Mange hadde Kjersti Toppe (Sp) som favoritt på grunn av den betente sjukehussaka i området.

Svein Ludvigsen trur godt han kan ha såra folk, men no vil han bidra til ein meir positiv tone.

– Når ein debatterer på nett har ein ikkje augekontakt eller kroppsspråk, då veit ein ikkje korleis motparten reagerer.

Svein Ludvigsen tastatur

Ludvigsen trur ikkje han har gått direkte på personar sjølv, men har vore ganske krass. – Når ein diskuterer så blir det ein suggesjon, ein blir dratt med til gangs, og det berre eskalerer, seier han.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ofte heilt vanlege folk

Facebook er bygd opp på som triggar det impulsive og emosjonelle, meiner sosiolog Marjan Nadim ved Institutt for samfunnsforsking.

– Dei mest kjensleladde innlegga blir favorisert, og det går raskt. Det utviklar seg også sjargongar der det blir litt om å gjere å ha dei mest krasse og velartikulerte fornærmingane, seier Nadim.

Marjan Nadim

Marjan Nadim er sosiolog og forskar på Institutt for samfunnsforsking. Ho trur ein kan kome ein del folk på nettet i møte ved å konfrontere dei på ein sakleg og roleg måte.

Foto: Institutt for samfunnsforskning

Ho har sett på kven som deltar i polariserte debattar på nettet. Nadim trur ikkje det er så unikt at folk angrar seg, sjølv om vi sjeldan høyrer om det.

– Ein får ofte inntrykk av at det er snakk om ein eigen type menneske eller nettroll, men eg trur det ofte er heilt vanlege menneske i desse kommentarfelta som lèt seg rive med, seier Nadim.

Blei rørt av Ludvigsen

Ingrid Kruse Fevåg frå nordmørskommunen Averøy har sjølv opplevd netthets etter at ho kritiserte munnbindbrenninga til «Charter-Svein». Etter å ha lese om Svein Ludvigsen som vil moderere seg, tok ho kontakt for å rose han.

Ingrid Kruse Fevåg

Ingrid Kruse Fevåg er aktiv i kommunepolitikken i Molde. Ho synest det er veldig flott å sjå at Svein Ludvigsen vil bli meir positiv på Facebook.

Foto: Privat

– Eg blei nesten litt rørt av å lese det. Eg har venta ein stund på at nokon som har bidratt til stemninga i kommentarfelta skulle stå fram, sjølv om han ikkje er blant dei verste, seier Fevåg.

No håpar ho fleire vil følgje etter og tenkjer meir gjennom kva ein skriv.

– Det er ofte godt vaksne som er verst, og det er så unødvendig at dei ikkje greier å halde seg saklege når dei kommenterer. Vi vaksne skal vere forbilde for den yngre generasjonen, seier ho.

Kjenner seg betre

No har Svein Ludvigsen moderert seg, og ofte blar han berre forbi dei heite diskusjonane. Etter dette har 58-åringen kjent seg lettare til sinns.

– Det er ikkje det at folk skal slutte å meine ting, men ein bør tenke litt på ordlyden og vere meir konstruktiv. Aksepter dei vala folk tar, og ta sak og ikkje person, seier Ludvigsen.

Glad Svein S. Ludvigsen i Kristiansund

BLID: Svein Skotheim Ludvigsen bruker no meir av Facebook-tida på hobbygrupper som interesserer han. Han synest det er kjekt å hjelpe folk som lurer på ting.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK