Hopp til innhold

Sunnmøring i Sydney: – Vi har venta at noko slikt skulle skje

Sunnmøringen Johan Overå var på jobb berre eit lite stykke unna kafeen på Martin Place i Sydney då gisselaksjonen vart varsla.

Australia Police Operation

Store delar av Sydney er måndag lamma av den største politioperasjonen dei har hatt.

Foto: Rob Griffith / Ap

Han fortel at han var den første som fekk vite om gisselsituasjonen på eigendomsmeklarkontoret han jobbar på i Sydney. Medarbeidarane trudde ikkje på han med det same, men etter kvart gjekk det opp for alle at dette var ramme alvor.

– Det er berre dette folk har snakka om i heile dag, seier Overå, som eigentleg er frå Hjørungavåg på Sunnmøre.

Ikkje overraska

Men han er ikkje overraska. Ifølgje eigedomsmeklaren har mange venta at noko slikt skulle skje. Overå fortel at terroristar har kome med liknande truslar tidlegare, og at Martin Place har vore nemnt i dei tilfella.

Men Overå gruar seg ikkje til å gå til jobb i morgon. Han har lit til at politiet har sikra byen, og vil fortsette livet som normalt.

– Men det er nok mange som ikkje kjem til å føle seg trygge framover. Ein skal vere forsiktig, men ein kan heller ikkje la seg påverke for mykje, seier han.