Hopp til innhold

Arrangerer kommunal loppemarknad: – Vi kjøper for mykje nytt

I Sunndal brukar kommunen haustferien på å byte utstyr mellom avdelingane. Framtiden i våre hender rosar tiltaket.

Anne Berit Jordahl står med en grønn kasse full av ting hun har funnet på gjenbruksmessa.

MYKJE NYTT: Anne Berit Jordahl fann mykje nytt til skulekjøkkenet på gjenbruksmessa.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg jobbar som mat- og helselærar og eg har funne ganske mykje fint til skulekjøkkenet, seier Anne Berit Jordahl.

Ho har mellom anna funne kakefat, serviettar, vasar, skåler, kubbelys og ei kjøkkenklokke som kan komme godt med i mat- og helsetimane.

Jordahl er ein av mange som bruker haustferien på å sikre seg nokre godbitar til arbeidsplassen frå den kommunale gjenbruksmessa.

Stoler for både store og små på gjenbruksmessen i Sunndal.

Det var eit stort utval av stolar til både store og små.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Her har fleire av arbeidsplassane til kommunen levert inn utstyr dei ikkje treng, men som andre kommunale tenester kanskje har bruk for.

– Eg meiner vi kjøper for mykje nytt, og då synest eg det er fint at dei ulike einingane i kommunen kan byte seg imellom, seier Jordahl.

– Det ligg ganske mykje utstyr rundt omkring som ikkje blir brukte, men det er heilt sikkert nokre andre som treng det.

Mangla lagerplass

Gjenbruksmessa held hus i ein nedlagd barnehage. Der er alle rom fulle av ting dei ulike etatane vil bli kvitt.

Monica Holthe

Monica Holthe håpar så mykje som mogleg av det som er på gjenbruksmessa kjem til nytte for andre.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Monica Holthe er økonomikonsulent i Sunndal kommune. Ho forklarer at tiltaket kjem av eit oppryddingsarbeid dei er i gang med.

– Vi har ikkje lagerplass. Då tenkte vi at i staden for å kaste, så ønskjer vi at det skal gjenbrukast, seier ho.

Dei første dagane var det berre ope for kommunale tenester, men seinare i veka vart også flyktningar og frivillige organisasjonar inviterte inn. Til slutt blir messa open for at alle innbyggjarane kan hente ting gratis.

Gamle kart har blitt levert inn fra både nedlagte skoler, og skoler som har oppgradert til mer moderne teknologi.

Gamle kart frå skular var det mykje av på gjenbruksmessa.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Rosar tiltaket

Framtiden i våre hender er svært positiv til tiltaket i Sunndal. Fagrådgivar Ingrid Kleiva Møller, seier at dette er eit viktig steg mot å nå FN sine klimamål.

Ingrid Kleiva Møller

Fagrådgivar i Framtiden i våre hender Ingrid Kleiva Møller, synest tiltaket i Sunndal er svært positivt.

Foto: Knut Neerland / Framtiden i våre hender

– Det at kommunen legg til rette for meir gjenbruk er eit enormt viktig klimatiltak, seier ho.

Ho meiner at det er viktig at kommunen sjølv ser korleis dei kan gjenbruke ting dei allereie har, men er også positivt til at flyktningar blir involverte.

– Det er utruleg fint. Det er viktig at ein får vist at gode klimatiltak også kan vere gode sosiale tiltak.

Ho forklarer at gjenbruk av møblar er noko av det EU er mest oppteken av, og at det er noko av det vi overforbruker mest i Europa.

– Dei kunne hatt lengre levetid med små reparasjonar, eller ved at ein hadde funne rett aktør som har behov for møblane, seier ho

– Det å ha system som gjer at ein kan byte er utruleg lurt. Så håpar eg berre at dette er eit tiltak som blir permanent, legg ho til

Gunn Inger Reiten har funnet en anatomiplakat hun mener passer perfekt inn på kommuneoverlegens kontor.
Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Det finst ikkje grenser på kva som er levert inn til gjenbruksmessa. Gunn Inger Reiten som jobbar i helsevesenet har funne ein plakat som ho meiner passar perfekt inn på kontoret til kommuneoverlegen.

– Vi har snakka om at vi vil dekorere, dette må jo vere ein innertiar, seier ho.

Mat og-helselæraren Anne Berit Jordahl driv sjølv med klesbyte og er oppteken av gjenbruk.

– Eg vart kjempeglad då eg fann ut av det. Eg er kjempefornøgd, seier ho.