NRK Meny
Normal

Sunndal får fornya asylkontrakten

Etter ein tilbodskonkurranse får Sunndal kommune fornya kontrakten med UDI, med opptil 260 plassar.

Tore Vaagen

Asylmottaket i Sunndal har 260 plassar. Tore Vaagen er leiar for mottaket.

Foto: privat

Asylmottaket i Sunndal vart oppretta i 1998 og det er kommunen som er ansvarleg for drifta. UDI lyste ut ein tilbodskonkurranse med frist før jul. No har dei gått gjennom alle tilboda som kom inn, og UDI har bestemt at Sunndal får fornya kontrakten sin. Sunndal har plass til 260 personar.

UDI fekk inn 19 tilbod med til saman 5000 plassar frå 12 ulike aktørar, opplyser UDI i ei pressemelding. Resultatet etter gjennomgangen er at det vert oppretta berre eitt nytt asylmottaket i Midt-Noreg. Det nye mottaket ligg på Nustadbo i Meråker.

Link i Ålesund kan få kontrakt på Volsdalsberga dersom kommunen godkjenner bruksendring.

Til Sunnmørsposten seier kommunikasjonsrådgjevar i UDI, Tove Cecilie Fasting, at bruksendringa må vere på plass innan 15. februar.