Kvinna fekk 5,5 millionar kroner i erstating av lagmansretten, men anka dommen til Høgsterett.
- Kvinna er svært skuffa over at Høgsterett ikkje vil vurdere saka, seier advokat Steinar Winther Christenesen.
No vil dei ta saka til menneskerettsdomstolen i Strasbourg for å sjå om dei får medhald der.
Den no fem år gamle dottera til Sulakvinna fekk alvorlege hjerneskadar etter fødselen på Ålesund sjukehus sommeren 1998.
Sakkunnige har slått fast at fødselen var medisinsk uforsvarleg.
Kvinna kravde ti millioner kroner i erstatning, og i tingretten fekk ho vel åtte millionar kroner, men Fylkeskommuen, som då var eigar av sjukehuset anka saka, og i Lagmannsretten vart erstatninga redusert til 5.5 millioner kroner.