Hopp til innhold

Suad flykta frå krigen: – Sett krav til flyktningane

Suad Selak (43) frå Bosnia gløymer aldri korleis han vart motteken av bygdefolket då han flykta frå krigen. Han meiner kommunane bør ta imot fleire flyktningar, og samstundes sette krav om at dei må ta utdanning, kome i jobb og delta i lokalsamfunnet.

Suad Selak

Suad Selak kom til Brattvåg som flyktning for 22 år sidan. Han meiner det er viktig at flyktningar engasjerer seg i lokalsamfunnet og vert ein ressurs.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Kom igjen gutar. Jobb, ropar ein engasjert fotballtrenar. Det er ettermiddag og på Brattvåg stadion er det fleire lag som har trening. På ein liten del av grasbana får sju sveitte 10-åringar instruksar på ei litt gebrokken sunnmørsdialekt. Trenar Suad Selak vaks opp i Bosnia, men kom til Noreg som flyktning i 1993. Gutane på laget veit at han måtte flykte frå krigen, men trenaren har aldri fortalt detaljane. Dei får heller ikkje sonane hans på 10 og 16 år vite.

– Folk som ikkje har opplevd krig klarer ikkje førestille seg det, sier Suad. Når han ser overfylte båtar fulle av flyktningar på tv, forstår han desperasjonen etter å kome seg i tryggleik.

LES OGSÅ:

Suksesshistorie

Då Suad Salek var 10 år var han like ubekymra som gutane på grasbana. Faren var lærar, mora jobba i bank. Dei hadde hus og ny bil og Suad fekk stort sett alt han ville ha. Ungdomstida var like bekymringslaus.

Så kom krigen. Ikkje brått, men snikande. Først til nabolanda Slovenia og Kroatia. Til slutt vart også heimbyen Ljubuski ramma av granatar og flyangrep. Familien fekk 48 timar på seg til å flykte. Dei endte opp i Noreg. Først på asylmottak i Trondheim før innbyggjarane i industribygda Brattvåg tok varmt imot dei.

– Det er ei suksesshistorie. Folk vi møtte på gata kom heim på besøk til oss og vi vart invitert med på ulike arrangement. På den måten vart vi kjende med folk, fortel Selak.

Nasjonal dugnad

Marit Gaustad

Marit Gaustad er flyktningkonsulent i Haram kommune. Ho har ein perm med gamle avisutklipp frå 90-talet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På 90-talet, då krigen herja i Bosnia, stilte norske kommunar opp i ein nasjonal dugnad og tok imot om lag 13 000 flyktingar. Rundt 30 av dei kom til Haram.

I ein perm på kontoret har flyktningkonsulent Marit Gaustad samla alle avisartiklane om temaet frå den tida. Ho blar i permen og stansar ved eit bilete av dei bosniske flytkningane, som får henne til å smile.

– Alle på biletet bur i Brattvåg i dag og det er spesielt å tenke på kor mykje den bosniske gruppa har berika samfunnet, seier Gaustad.

Ho huskar korleis stemninga på kontoret hennar var då dei bosniske flyktningane kom. Det var tårer, fortviling, grufulle bilete på netthinna som hadde brent seg fast frå krigen. Mange hadde også dårleg fysisk helse.

– Folket i Haram var fantastiske og ville bidra, seier Gaustad. Og akkurat dei same telefonane som ho fekk på 90-talet får ho også i dag. Folk lurer på korleis dei kan hjelpe til i dagens flyktningkrise.

Lovar ingen lykke

Haram kommune med sine 9100 innbyggjarar har blitt spurt om å ta imot 90 flyktningar i løpet av tre år. Den avgjerda er det politikarane som må ta.

– Vi må hugse at dei som søker asyl ber om tryggleik. Det er det vi må ta stilling til om vi kan gi dei, seier Gaustad. Ho plar seie til nye flyktningar som kjem,at kommunen ikkje garanterer at dei vert verken lykkelege eller rike. Det ho lovar er at flyktningane skal vere trygge.

Haram kommune har fått skryt frå sentrale styresmakter for måten flyktingar har blitt integrerte på. Men flyktningkonsulenten trur slett ikkje det er kommunen som skal få æra.

– Kommunen har verken hender, føter eller hjarte. I alle år har eg opplevd at folket i Haram har vore svært inkluderande, seier Gaustad. Sjølv om det er vanskeleg i starten, får mange av flyktningane i kommunen jobb etter kvart.

Må ta imot tusenvis

Nour Awad

Syriske Nour Awad kom til Noreg for to år sidan. Ho håper at landet kan ta imot mange tusen flyktningar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er friminutt hos vaksenopplæringa i Brattvåg. To klasserom er fulle i dag av folk frå over 10 ulike nasjonar som skal lære seg norsk. Bakgrunnen deira er ganske ulik. Nokre er arbeidsinnvandrarar, medan andre er flyktningar.

Nour Awad (23) frå Syria kom til Noreg for to år sidan. Ho er ein av båtflyktningane som kom seg levande frå det. Ho var innom mange land før ho til slutt endte i Brattvåg. Her bur ho saman med ektemannen og fire søsken. Fem andre søsken har flykta til andre land.

– Her er det trygt og veldig bra, seier Awad som skal bli mor for første gang om nokre månader.

No går ho både på norskkurs, samstundes som ho tar fag på vidaregåande. Draumen er å utdanne seg til engelskkærar. Ho synest det er forferdeleg å vite at tusenvis av folk er på flukt.

– Noreg må ta imot mange tusen flyktningar. Situasjonen er kritisk og mange døyr, seier Nour Awad.

Suad Selak

Suad Selak jobbar som produksjonsleiar ved Rolls-Royce i Brattvåg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Gode jobbar

Den siste tida har Suad Salek tenkt mykje på at det ein gong var han som var flyktning. I ungdommen drøymde han om å studere jus, men endte i staden opp med yrkesfag ved Haram vidaregåande skule. 43-åringen jobbar i dag som produksjonsleiar ved ei avdeling på Rolls-Royce i Brattvåg.

På denne bedrifta jobbar fleire av dei som kom frå Bosnia på 90-talet.
Enis Maksumic (31) er teknisk sjef for Rolls-Royce Marine i Noreg. Han var berre ni år då familien måtte forlate heimlandet og hugsar mest at det var spanande å ta fly for første gang.

– Eg har tenkt på at eg var i same situasjonen som mange flyktningar er i no. Eg meiner vi må hjelpe så mykje vi kan, seier Maksumic.

Faren hans, Salko Maksumic, hugsar godt då dei forlot heimbyen Mostar etter at serbiske soldatar starta å skyte. Han vart fengsla i 10 dagar, medan kona klarte å skaffe visum til familien på fire.

– Det var veldig bra å kome til Brattvåg og eg fekk meg jobb på Rolls-Royce, fortel Salko Maksumic.Også han meiner at Noreg må bidra.

Enis og Salko Maksumic

Enis og Salko Maksumic kom til Brattvåg i 1993. No er dei i gang med å pusse opp huset til Enis.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Still krav til flyktningane

Suad Selak

Suad Selak har aldri fortalt sonen Amar om detaljar frå krigen.

Foto: Malin kjellstadli Korsnes / NRK

Det å få seg jobb og delta aktivt i lokalsamfunnet, trur dei tre bosniarane er oppskrifta for å lukkast med integrering. Slik vert flyktningane dermed ikkje ein utgiftspost for kommunen.

Sjølv om Suad Salek, Enias og Salko Maksumic berre vart lova tryggleik frå flyktningkonsulenten då dei kom til Brattvåg, fekk dei mykje meir.

– I byrjinga tenkte eg at eg snart skulle tilbake til heimlandet mitt, men krigen tok ikkje slutt. Eg bestemte meg for å starte eit nytt liv her, seier tobarnsfaren Suad Selak.

Det første han gjorde var å lære språket. Han oppmodar flyktningar om å ikkje berre lære norsk på skulen, men også å tore å snakke med bygdefolket. For hans del var det den aller beste læringa. Å skaffe seg ei utdanning og deretter søke jobb, meiner Selak er oppskrifta på å få eit godt liv i Noreg.

Han meiner at Noreg bør ta imot fleire flyktningar, men at politikarane må avgjere kor mange.

– Det må bli sett krav til flyktningane om at dei må lære seg språket, gå på skule, kome i arbeid og delta i lokalsamfunnet. Det fungerte for oss, seier Salek.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL