– Dette er vi veldig stolte av. I Norge er vi langt framme på dette området, og klarer å lage operative satellittar utan store kostnadar, seier Arve Dimmen i Kystverket.
Utviklinga av NorSat-3 er allereie i gang. Det er ein mikrosatellitt som blant anna kan fange opp AIS-signal, som blir brukt for å unngå kollisjon mellom skip.
AIS står for Automatic identification system. Alle skip over 300 bruttotonn er pålagt å ha og bruke dette systemet.
Norge har i dag skote opp fire slike satellittar, som går i polar bane for å gi betre dekning også langt mot nord. Men to av dei har allereie passert den forventa levetida.
I ein tale i Oslo Militære Samfund på måndag sa forsvarsminister Frank Bakke-Jensen at utviklinga av mikrosatellittar har gjort at også mindre nasjonar kan utvikle kapasitetar i verdsrommet.
– Norge har skote opp fire slike satellittar til no. Tre satellittar er planlagt skutt opp dei neste åra, og fleire kan komme til, sa Bakke-Jensen.
Kan sjå «alt»
Den nye satellitten vil bli utstyrt med ein eksperimentell navigasjonsradardetektor (NRD), som betyr at den vil kunne sjå skip sjølv om skipa ikkje sender ut eigne AIS-signal.
– Det er ikkje alltid ein klarer å fange opp signala. Det kan vere feil med dei, og sjølv om det ikkje er lov, er det eit system som er mogleg å skru av.
– Så no blir det vanskelegare å lure seg unna, dersom ein ønsker det?
– Ja, det kan vere ein av gevinstane, seier Dimmen.
Skal berre overvake sivil trafikk
I ei pressemelding blir det understreka at NorSat-3 er ein sivil satellitt som berre skal fange opp signal frå sivile navigasjonsradarar.
Informasjonen frå satellittane blir blant anna brukt til å overvake og regulere trafikken. Også Hovedredningssentralen bruker slik data når det skjer ulykker ved kysten og på havet.
– Det er veldig greitt å ha god oversikt, i mange situasjonar. Og vi treng god kapasitet sidan vi har ansvar for så store havområde, presiserer Dimmen.
Kystverket eig og finansierer den kommande NorSat-3-satellitten. Norsk Romsenter er prosjektleiar. Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) leiar utviklinga av sjølve NRD-nyttelasta, som er finansiert av Forsvarsdepartementet.