NRK Meny
Normal

Styret: - Overraska over at Kinserdal vurderer å trekkje seg

Meldinga om at Stein Kinserdal no vurderer å trekkje seg som styreleiar, kom svært uventa på fleire av styremedlemene i Helse Møre og Romsdal søndag kveld. Men styremedlem Kirsti Slotsvik seier ho ville vurdert det same.

Styret i Helse Møre og Romsdal 2014

Meldinga søndag kveld om at styreleiaren vurderer å trekkje seg, kom svært overraskande på mange av styremedlemene.

Foto: Helse Møre og Romsdal/montasje

Fleire av styremedlemene i Helse Møre og Romsdal er openbart svært overraska over meldinga som blei kjent søndag kveld om at Stein Kinserdal vurderer å trekkje seg. Til NRK seier han at han vil bruke jula til mellom anna å vurdere om han bør slutte som styreleiar.

– Oj, dersom det er tilfelle, er det svært overraskande, seier Charles Austnes, som representerer dei tilsette i styret. Han meiner det ikkje er grunn til å tvile på tilliten til Kinserdal, og meiner ein avgang ikkje er bra no.

– Det er svært uheldig at styreleiarar blir skifta så ofte som vi har opplevd, men samstundes forstår eg at det er belastande å vere styreleiar i Helse Møre og Romsdal, og samstundes administrerande direktør i Tønsberg.

– Synd at han snakkar med media i staden for styret

Trine Sevaldsen er de ansatte sin representant i Helse Møre og Romsdal

Styremedlem Trine Sevaldsen seier ho var heilt ukjent med at Kinserdal vurderer å trekkje seg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Heller ikkje Trine Sevaldsen eller Svein Anders Grimstad, som begge jobbar i helsevesenet på Nordmøre, og som representerer dei tilsette i styret, var kjend med at Kinserdal går med slike tankar.

– Dette er heilt nytt, og er ei personleg vurdering han må gjere, men eg reknar med at han tek kontakt med oss. Det er jo litt synd at han i staden går til media, seier Sevaldsen, som uttrykkjer at ho er svært overraska over meldinga. Ho vil ikkje kommentere om Kinserdal har nødvendig tillit.

– Dette kom veldig overraskande, eg kan ikkje forstå at det har skjedd noko som gjer at han burde kome på slike tankar, seier Grimstad.

Seier ho ville vurdert det same

Kirsti Slotsvik

Styremedlem Kirsti Slotsvik seier ho ville gjort det same, om ho var styreleiar.

Foto: Trond Vestre / NRK

Men styreleiar Kirsti Slotsvik, som er utnemnd av styret i Helse Midt-Noreg, er av ei anna oppfatning. Ho seier ein avgang er eit høgst mogleg utfall etter sjukehusbråket. Søndag morgon deltok ho på det ekstraordinære styremøtet som skulle vurdere om sjukehusvedtaket er lovleg fatta, etter påstandane om press og korrupsjon.

– Då eg leste den juridiske vurderinga, tenkte eg at eitt av alternativa han har, er å trekkje seg, seier Slotsvik, og legg til at ho ville vurdert det same, om ho var i hans situasjon.

– Så du er ikkje overraska?

– Nei, etter det som har kome fram vil det vere ein veldig vanskeleg situasjon for han, seier ho.

– Kva konkret tenkjer du på?

– Både dialogen med Astrid Eidsvik og dei signala han har gitt der, sjølv om det no kanskje viser seg at dette ikkje har vore signal, tenkjer eg det er vanskeleg å halde fram. Då skal du i alle fall leggje deg veldig flat, seier ho.

Ho viser også til at Eidsvik har fått stor støtte ute blant folk.

– Når vi har sett den støtta som Astrid Eidsvik har fått, blir det endå vanskelegare for han å gå vidare etter denne runden.

Førebels stilt frå styreleiaren i Helse Midt-Noreg

Styremedlemene Knut Ivar Egset, Harald Topphol og Torbjørg Vanvik vil ikkje kommentere saka. Det vil heller ikkje tidlegare direktør Astrid Eidsvik.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med nestleiar Petter Bjørdal.

Det er styret i Helse Midt-Noreg som formelt må avslutte kontrakten med Kinserdal, men søndag kveld har det ikkje lukkast NRK å få kontakt med styreleiar Ola H. Strand.