Hopp til innhold

Styreleiar trekkjer seg i protest mot helseministeren

Styreleiar Marthe Styve Holte trekkjer seg frå styret i Helse Midt-Norge. Årsaka er usemje med helseministeren.

Marthe Styve Holte

– Eg trekkjer meg fordi eg som styreleiar opplevere at eigar har redusert styret sitt handlingsrom om mynde, slik at tilliten ikkje lenger er tilstades. På den måten har dei også fråtatt meg moglegheita til å utøve godt leiarskap, seier Marthe Styve Holte til NRK.

I dag blei det altså klart at ho trekkjer seg frå styret i helseføretaket med verknad frå i dag.

Vil ikkje snakke om enkeltsaker

Styve Holte har vore styreleiar i Helse Midt-Norge sidan 2012. Ho vil ikkje peike på enkeltsaker som årsak til at ho no går av.

– Eg er ikkje så opptatt av sak, eg er opptatt av prinsipp og kva som er god eigarstyring. Og i min definisjon av det handlar det om at styret sine klart definerte arbeidsoppgåver er det styret som må ha mynde.

– Men er det rett å trekkje seg frå styret i ein situasjon som så uoversikteleg som det Helse Midt Norge opplever no?

– Det kan du seie. Men eg må forhalde meg til kva som er rett for meg. Eg kan heller ikkje vere ein god styreleiar dersom eg ikkje kjenner at eg har det rette handlingsrommet til å gjere jobben, seier Styve Holte.

Ho seier avgjerda er endeleg og vil difor ikkje snakke om kva som eventuelt skulle til for å halde fram som styreleiar.

– Det punktet er passert for lengst. Avgjerda er endeleg og den kjem eg til å stå på.

I følgje pressemeldinga frå Helse Midt Norge er det inntil vidare nestleiar Ola H. Strand som kjem til å fungere som styreleiar i helseføretaket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL