Hopp til innhold

Studie viser at det er mogleg å sende enorme mengder hydrogen til Tyskland

Gassrøyr frå Noreg kan brukast til å transportere hydrogen til Tyskland innan 2030, ifølgje ein ny studie.

Gassrør på Nyhamna i Aukra

Hydrogen kan fraktast til Tyskland ved å gjenbruke eksisterande rør. Delar av naturgassen kan bli laga om til hydrogen.

Foto: Roar Strøm

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Tyskland treng store mengder hydrogen for å nå klimamåla sine. Innan 2030 skal dei fase ut alle kolkraftverk og her kan Noreg spele ei viktig rolle som eksportør av hydrogen.

I fjor bestilte norske og tyske styresmakter ein studie av moglegheita for å etablere ei hydrogenverdikjede frå potensielle hydrogenprodusentar i Noreg, til forbrukarar i Tyskland.

Den statlege gassoperatøren, Gassco, har utført studien saman med det tyske energibyrået DENA. No er konklusjonen klar.

Studien viser at det er teknisk mogleg å realisere ei verdikjede for lågkarbon hydrogen til Tyskland innan 2030, seier Pål Rasmussen i Gassco. Han seier vidare at studien er viktig fordi ei verdikjede som dette vil redusere utsleppa stort.

Pressetalsperson i Gassco, Pål Rasmussen.

Pål Rasmussen er pressetalsperson i Gassco.

Foto: Gassco

Les også Gir 1,1 milliard til hydrogenproduksjon

Ole Haugen og Ståle Gjersvold på Hitra

Vi tek gassen som blir produsert på norsk sokkel, gjer den om til hydrogen og fangar CO₂, forklarer Rasmussen.

Dermed blir utsleppa frå det nye produktet redusert med 90 prosent i forhold til dagens naturgass.

Hydrogen kan anten fraktast ved å gjenbruke allereie eksisterande gassrøyr i Nordsjøen, eller at det blir bygd nytt. Alternativa er i tilknyting til prosessanlegga på Aukra, Kollsnes og Kårstø.

Seinare kan dette danne grunnlag for produksjon av fornybart hydrogen.

Terje Aasland

Olje- og energiminister, Terje Aasland, snakka for få dagar sidan på EU Hydrogen Week i Brussel. Der oppmoda han i talen sin til å gå saman for å forme ei hydrogendriven framtid i Europa.

Foto: EILIF ASLAKSEN / NRK

Ein milepæl er nådd

Regjeringa meiner hydrogen kan vere ein viktig faktor på vegen mot eit lågutsleppssamfunn. Olje- og energiminister, Terje Aasland, har tidlegare uttalt at Noreg vil bidra aktivt i utviklinga av ein kommersiell hydrogenmarknad i Tyskland og i EU.

I samband med at denne studien vart presentert seier han at han ser fram til å følgje det vidare arbeidet.

– Dette er ein milepæl, seier Aasland.

Nils Røkke ved Sintef klimafond

Nils Røkke er berekraftsdirektør ved Sintef. Han trur den aller største utfordringa for storskala hydrogenforsyning til Tyskland er prisen på hydrogen.

Foto: Marthe Svendsen / NRK

Langt lerret å bleikje

Sjølv om rapporten seier det er teknisk gjennomførbart å transportere hydrogen til Tyskland, er det mykje arbeid som står att før prosjektet kan bli ein realitet. Kundane må vere villige til å betale, det må på plass eit regelverk og ny teknologi.

– Den største utfordringa er pris. Hydrogen må kome ned på ein pris som gjer at det blir naturleg å velje det, seier berekraftsdirektør Nils Røkke ved Sintef. I dag er hydrogen dyrare enn naturgass. Han meiner det må kome på plass støtteordningar på kostnadane i ein overgangsfase.

Differansekontraktar inneber at leverandøren er sikra ein viss pris, ved at staten finansierer mellomlegget (differansen) mellom prisen på fossile og grøne løysingar.

Røkke meiner den nye studien er positiv og betyr at Noreg kan halde fram med å vere energileverandør til Europa.

– På kort sikt er nok ikkje løysinga å bringe hydrogen til dei tusen heimar i Tyskland, men at ein ser på store forbrukarar som stålindustrien, seier Røkke.

Les også Noreg vil ta leiarskap etter «superpinleg» hending

UcHom2uSAB8

Arbeidsgruppe skal følgje opp arbeidet vidare

Den norske og den tyske regjeringa vart i haust samde om å etablere ei arbeidsgruppe som no skal følgje opp resultata av denne studien.

Då arbeidsgruppa vart kjend uttalte Tysklands nærings- og klimaminister, Robert Habeck i ei pressemelding, at ein gjennom denne arbeidsgruppa tek neste steg mot det felles målet som er storskala hydrogenforsyning frå Noreg til Tyskland.

Pål Rasmussen i Gassco har trua på at det ambisiøse målet skal kunne realiserast innan 2030, men det er mykje arbeid i alle ledd av prosjektet som står att.

– Vi må finne ei løysing på desse føresetnadene som studien viser, men allereie no kan eg seie at der er dialog om vegen vidare mellom industriaktørane som er involverte i dette arbeidet, seier Rasmussen.