Hopp til innhold

Noreg vil ta leiarskap etter «superpinleg» hending

Jonas Gahr Støre vil demonstrere leiarskap ved å snakke om grøn skipsfart under klimatoppmøtet i Dubai. Men heime har satsinga stagnert.

UcHom2uSAB8

SLÅ BAKK: Framstilling av hydrogen frå naturgass blir omtalt som ein nøkkel for å få klimautsleppa ned. Likevel viser ei ny oversikt at berre 9 av 59 hydrogenprosjekt i Noreg har bestemt seg for å investere og realisere.

Foto: NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

200 norske forskarar har sendt brev til statsminister Jonas Gahr Støre der dei ber han om å «gjenopprette klimaleiarskapen» under årets klimatoppmøte i Dubai, som startar 30. november.

Tidlegare i haust vart det karakterisert som «superpinleg» då Noreg ikkje fekk taletid under klimamøtet i New York. Berre land som hadde «noko konkret å komme med» fekk sleppe til på talarstolen.

Som statsminister har du høve til å gjere Noreg til eit leiande døme på korleis vi gjer ein fossil økonomi til eit fyrtårn for grøn omstilling i praksis, skriv forskarane i oppropet.

Dei held fram:

Grøn omstilling startar med evna til å førestille oss eit alternativ. Noreg har eit unikt høve til å vise at vi er modige nok til å handle.

(Les heile brevet under.)

lutbF0me3ao

Danmark, Storbritannia, Nederland og Italia har innført nasjonale støtteordningar som minner om differansekontraktar.

Foto: NTB

Vi må følgje det opp på heimebane

Jonas Gahr Støre har kommentert brevet i VG, og varslar der at han vil leie arbeidet med grønare skipsfart under forhandlingane i Dubai.

– Arbeid med å sikre grøn skipsfart er bra og viktig, men situasjonen er at vi ligg langt bak våre heimlege mål, seier klimaforskar Eystein Jansen, som har skrive under på brevet.

Noreg har sett som mål å halvere utsleppa frå skipsfarten innan 2030, men ligg bak skjema.

I årets utgåve av «Barometer for grøn omstilling av skipsfarten» vart omstillingstrykket justert ned frå «lågt» til «svært lågt».

Grøn skipsfart er eit av satsingsområda Noreg løftar fram i Dubai. Då må vi følgje det opp på heimebane, seier Ada Jakobsen, leiar i Maritime CleanTech.

Ho etterlyser insentiv for å puste liv i verdikjedene for hydrogen. Heilt konkret: differansekontraktar.

Differansekontraktar inneber at staten finansierer mellomlegget (differansen) mellom prisen på fossile og grøne løysingar.

Budsjettforslaget til Arbeidarpartiet og Senterpartiet inneheld ingenting om differansekontraktar.

Dette i motsetning til budsjettforslaget til SV, som regjeringspartia skal forhandle med. SV vil bruke 3 milliardar kroner på differansekontraktar fordelt over tre år.

Kari Elisabeth Kaski (SV) kommenterte hydrogen-milliardane i Politisk kvarter sist veke.

Ho viste til at «mange aktørar står klare», men at fleire nøler med å ta det første steget.

Dette er kraftfulle verkemiddel for å produsere hydrogen til eit grønt industriløft, forklarte ho.

m0XiUmsBoiw

LO og NHO har laga eit felles forslag til ein norsk hydrogenstrategi. Denne vart levert regjeringa i juni 2023.

Foto: NTB

Vi trur SV får gjennomslag

For eitt år sidan flytta SV på 8 milliardar kroner i budsjettet.

SV må ha nokre tydelege klimasigrar i forhandlingane. Så om hydrogen-milliarden er ei prioritert satsing, så vil dei få det gjennom, seier Kirsten Øystese i Norsk klimastifting.

NRK har snakka med fleire aktørar innanfor fornybar-bransjen. Trua på at SV får gjennomslag varierer.

  • Liv-Elisif Queseth Kalland, Zero: Vi har registrert at regjeringa ikkje har inkludert midlar til ei hydrogensatsing i budsjettet sitt. Men når SV løftar dette som ein prioritet, er det spesielt om regjeringa ikkje vil vurdere dette igjen.
  • Magnus Eide, Grønt kystfartsprogram: Vi trur SV får gjennomslag, for dette er sunn fornuft og ei opplagd vinnarsak for alle: klima, næring og sysselsetjing.
  • Geir Ove Ropphaugen, Glomfjord hydrogen: Vi håpar på SV. Bransjen er heilt avhengig at det kjem noko på differansekontraktar. Elles kjem dette til å stoppe opp.
  • Jens Berge, Norwegian Hydrogen: Skulle SV få støtte for forslaget sitt, ville dette få mykje å seie for norsk hydrogenindustri og det grøne skiftet.

Les også Det grøne skiftet på sjøen har stagnert

North Sea Giant

Andre stemmer er mindre optimistiske.

Dessverre trur eg ikkje SV får gjennomslag. Signala eg har plukka opp tyder på at regjeringa ikkje er klare for differansekontraktar enno, seier Håkon Skjerstad i Azane Fuel Solutions.

Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

– Som å kaste kraft rett i dass

Då tidlegare regjeringsmedlem Ola Borten Moe (Sp) samanlikna hydrogensatsinga med å kaste kraft «rett i dass», vart han raskt sett på plass av sjefen.

Kollegaen min tek feil, slo Støre fast frå Stortingets talarstol.

Under Arendalsveka kunngjorde Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) at Noreg skal bli med i den såkalla Hydrogenbanken (EHB) som EU har oppretta.

Hydrogenbanken skal matche den store subsidiepakken som USA vedtok i fjor haust – Inflation Reduction Act, (IRA).

ICApbgn19fs

NRK har tidlegare skrive at 2 milliardar Enova-kroner til hydrogensatsing blir ståande på bok fordi reiarlaga vegrar seg for å ta det siste steget. Nølinga gjer i sin tur at selskapa som skal etablere produksjon og distribusjon også held igjen.

Foto: NTB

EU-midlar er mildt sagt er usikkert for norske selskap. Det er mange om beinet i EU, og norske selskap kan ende med berre smular, seier Ingebjørg Telnes Wilhelmsen, som er generalsekretær i Norsk Hydrogenforum.

Ho kallar differansekontraktar for «brikka som må til for at selskapa skal tore å satse», og set lit til at SV får gjennomslag:

Og satse må vi. Vi klarer ikkje det grøne skiftet utan hydrogen.

Fjord Base

Regjeringa har gitt 132 millionar kroner i investeringsstøtte til bygging av ein hydrogenfabrikk på denne tomta utanfor Florø.

Foto: Harald M. Valderhaug / Harald M. Valderhaug