Hopp til innhold

Studentar søker trygge utdanningar

Studentane ved høgskulane i Møre og Romsdal satsar på dei trygge studia som gir offentlege jobbar.

Radiumhospitalet sykepleier

Illustrasjon: Stadig fleire studentar vel trygge utdanningar innanfor det offentlege.

Foto: Meek, Tore / NTB scanpix

Mange søker mot dei trygge arbeidsplassane i nedgangstider. I arbeidslivet har mange forlate utfordringane i det private og gått over til det offentlege. Det same gjeld for studentane ved høgskulane.

Ved haustens studiestart har rekordmange møtt fram til sosionom- og barnevernspedagogstudium i Volda. Andre studium som er blitt meir populære er administrasjon og planleggingsstudium i Volda og økonomi og leiing i Ålesund

På sjukepleiarstudia i Molde og Ålesund blir konkurransen om studieplassane stadig hardare på grunn av tjue prosent auke i søkartala det siste året.

Eit trygt val

Tryggleik og jobbsikkerheit er blant stikkorda som studentane ved Høgskulesenteret i Kristiansund legg vekt på når dei blir spurt om kvifor dei trur stadig fleire ønskjer å bli sjukepleiarar.

– Eg trur det kan ha mykje med nedgangen i olja å gjere. Det er mange som blir arbeidsledige i oljebransjen no, seier ein mannleg student.

– Ein er mest sannsynleg sikra arbeid når vi er ferdig utdanna, så det er veldig positivt. I tillegg vil det bli større behov for helsefagarbeidarar i framtida, seier ein kvinneleg medstudent.

Fleire fullfører

Det er Høgskulen i Molde som har ansvaret for utdanninga og student Guro Uggelstad gir skulen ros.

Guro Uggelstad og Haakon Aronsen

Guro Uggelstad og Haakon Aronsen studerer sjukepleie ved Høgskulen i Molde.

Foto: Anne-Mari flatset / NRK

– Det er alltid noko nytt og lære og det er motiverande. I alle fall når halve studiet er praksis. Vi får lære undervegs og sjå framgangen til pasientane, noko som gir ekstra motivasjon, seier ho.

Det har også blitt mindre fråfall på førsteåret og fleire som fullførar studieløpa.

– Eg trur det er veldig annleis å gå på skule i dag enn for nokre år sidan. Vi sit her i Kristiansund og har videooverføring frå Molde. I tillegg kan vi sjå forelesingane fleire gonger på nett. Vi har hjelpemiddel som gjer det mykje lettare for oss å studere no. Du treng ikkje å sitte aleine med boka og slite, seier Uggelstad.

Større motivasjon

Høgskulelektor Hans Inderhaug ved Høgskulen i Molde fortel at skulen er mykje meir bevisst på variert utdanning, mindre studiegrupper, gode studievanar og obligatorisk oppmøte.

– Vi har gjort det som skal til for å få fleire til å gjennomføre, seier han.

I tillegg har dei flinkare og meir motiverte studentar, trur lektoren og studentane sjølv.

– Dei som har starta på sjukepleie no har eit høgare snitt så dei er kanskje meir dedikerte og har ei høgare gjennomføringsevne. I tillegg er det givande å hjelpe andre, seier sjukepleiarstudent Haakon Aronsen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL