NRK Meny

På noregstoppen i fjernundervisning

Undervisninga ved Høgskolen i Molde når ut til eit stort publikum. Fleire hundre av forelesingane er nemleg lagt ut på nettet. Dermed er Høgskolen i Molde i noregstoppen når det gjelder open publisering av forelesingar på nett.

Høgskolen i Molde statser stort og er i norgestoppen på videooverføring av forelesninger.

Høgskulen i Molde er i noregstoppen når det gjeld fjernundervisning på nett.

Høgskolen i Molde har satsa stort på videooverføring av forelesingar.

Per Kristian rekdal

Per Kristian Rekdal trur tilgjengelegheit er noko av forklaringa bak suksessen til høgskulen.

Foto: Hans Thomas Eikrem / nrk

På tavla viser matteprofessoren likningar og forklarar reknestykker, medan studentane i forelesingssalen følgjer nøye med. Men det er ikkje berre desse studentane som får med seg førelesingane ved Høgskulen i Molde. Stadig fleire får nemleg med seg undervisninga til høgskulen på Youtube.

Per Kristian Rekdal, førsteamanuensis ved Høgskulen i Molde, trur tilgjengelegheit er noko av forklaringa bak suksessen til høgskulen.

– Andre høgskular lukkar kursmaterialet og gjer det berre tilgjengeleg for studentane ved skulen. Vi har skapt ein kursplattform der alle som har internettilgang har tilgang til dette, seier han.

Nøgde studentar

Ein stor del av undervisninga blir filma, og lagt ut på nettet same dag. Dermed kan lyd og bilde frå auditoriet følgast heime i stua eller i senga, i Kristiansund eller London. Ein av Youtube-studentane finn vi i Hammerfest. Han likar sjølvstenda denne undervisingsforma gir.

Esben Blix Wisborg

Esben Blix Wisborg er fjernstudent og ser forelesingane frå Hammerfest.

Foto: Hans Thomas Eikrem / nrk

– Spør du meg er det heilt fantastisk. Du kan auke farta eller ta ei pause når treng å stoppe eller lese deg opp på eit tema for å forstå det betre. Det kan du ikkje gjere med ein vanleg forelesing, seier Esben Blix Wisborg, fjernstudent ved Høgskulen i Molde.

Ved andre høgskular og universitet har ikkje ny teknologi hatt førsteprioritet. Høgskulen i Molde er i noregstoppen når det gjeld å formidle vidare kunnskap ope ut til resten av verda.

– Eg veit ikkje om nokon andre som har eit så stort og ope tilbod som det Høgskulen i Molde har. Dei har ein stor kursplattform og tilbyr mange emne med videoforelesingar på nett, seier logistikkstudent Mikkel Furuset.

Fleksibilitet

Førsteamanuensis Rekdal trur fleksibiliteten til høgskulen gjer at dei lett kan tilpasse seg ny teknologi og utviklinga.

Høgskulen i Molde fjernundervisning

Høgskulen i Molde har ein open kursmappe med over 36 fag.

Foto: Hans Thomas Eikrem / nrk

– Høgskulen i Molde er ein liten og slank skule, og det gjer at vi snur oss lett utan veldig store problem, seier han.

I dag er det fleire hundre videoar frå 36 fag som ligg ute på nettsidene til høgskulen. Dei har likevel inga tru på at studentane skal låse seg inne på hybelen og slutte å møte opp på skulen.

– Nei eg vil heller sagt at det fører til det motsette. Eg trur det er god reklame for høgskulen. Vi har aldri hatt så stort publikum som vi har i 2015, seier Rekdal.

Siste video/lyd

To tidlegare tilsette i Prezioso Linjebygg i Molde gjekk til sak då dei meinte dei var usakleg oppsagde. 
Dei tapte i tingretten og vann fram i lagmannsretten.
I dag vart det bestemt at også sunnmøringar skal sortere matavfallet sitt. 
I Romsdal og på Nordmøre har dei gjort det lenge. Sju av ti heimar har tilbod om dette her landet.
I dag var det felles formannskapsmøte for Tingvoll, Kristiansund, Gjemnes og Averøy.